McDonald Ice Rumples

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 75°28′S 26°18′W
McDonald Ice Rumples
ishaug
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Coats Land
 - koordinatar 75°28′S 26°18′W
Administrert under Antarktistraktaten
McDonald Ice Rumples is located in Antarktis
McDonald Ice Rumples (Antarktis)

McDonald Ice Rumples er ein ishaugBruntisen på grensa til Weddellhavet i Antarktis. Han dekkjer eit område på 5 x 4 km.

Han er kalla opp etter briten Allan McDonald frå British Association of Magallanes ved Punta Arenas som i juli 1916, hjelpte Ernest Shackleton å få nok mildlar til å sende ein skonnert, «Emma», for å redde dei 22 mennene som var forliste på Elefantøya i løpet av Endurance-ekspedisjonen. Shackelton kalla derfor opp ein isbre etter McDonald, men forsøk på å lokalisere denne breen sidan har vore mislukka, så denne ishaugen vart kalla opp etter McDonald i staden for.

Under det internasjonale geofysiske året hadde Royal Society ein base i nærleiken (1955–59) og var kjende med denne haugen. I 1957 var den største høgda over isbremmen rundt kring 18 meter, nokre få hundre meter frå isfronten.

Eit flyfoto av ishaugen kan ein sjå her: [1] (eller her [2] ).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «McDonald Ice Rumples» (innhald frå Geographic Names Information System).