Ismaïl Sghyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ismaïl Sghyr
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 16. mars 1972 (52 år)
Taroudant
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996

Ismaïl Sghyr (fødd 16. mars 1972) er ein marokkansk tidlegare langdistanseløpar som frå 2000 tevla for Frankrike. Han vann sølvmedaljen på 5 000 meter under europameisterskapen 2002.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

16 år gammal flytta Sghyr til Bordeaux i Frankrike, men kom til å representere Marokko til han hausten 1999 vart fransk statsborgar. Han slo gjennom med fjerdeplass på 5 000 meter i Göteborg-VM 1995. Etter å ha vunne 10 000-meteren ved Mellomhavsleikane 1997 vart han same sesongen på ny nummer 4 på 5 000 m under verdsmeisterskapen i Aten.

30. juli 1999 sette Sghyr personbeste på 10 000 meter med 27.12,3 ved DN-galan i Stockholm, slått einast av Paul Tergat frå Kenya. Under Bislett Games i Oslo 28. juli 2000 forbetra han sin personlege rekord og den franske rekorden på 5 000 meter til 12.58,8, endå om han berre vart nummer 7 i tevlinga.

Sghyr representerte Frankrike ved Edmonton-VM 2001 der han vart femtemann på halvmila. Året etter sprang han inn til sølvmedalje på same distansen ved europameisterskapen 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]