Issy-les-Moulineaux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Issy-les-Moulineaux
Forretningsstrøket i Issy-les-Moulineaux i dei indre forstadane til Paris.
Forretningsstrøket i Issy-les-Moulineaux i dei indre forstadane til Paris.
Forretningsstrøket i Issy-les-Moulineaux i dei indre forstadane til Paris.
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Hauts-de-Seine
Geografi
Flatevidd 4,25 km²
Flatevidd
 - By

4,25 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

63 000
  14 824/km²
Koordinatar 48°49′23″N 02°16′24″EKoordinatar: 48°49′23″N 02°16′24″E
Høgd over havet 163 m
Diverse anna
Heimeside: www.issy.com
Plassering

Issy-les-Moulineaux er ein kommune i dei sørvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 6,6 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus, og med eit folketal på rundt 60 000 innbyggjarar fordelt på berre 4,2 km² er han ein av byane i Europa med høgast folketettleik. 1. januar 2003 vart Issy-les-Moulineaux ein del av Communauté d'agglomération Arc de Seine i lag med kommunane Chaville, Meudon, Vanves og Ville-d'Avray.

Issy-les-Moulineaux har med stort hell endra seg frå ei industriell fortid til å verte hjarte i forretningsstrøket Val de Seine, som har spesialisert seg på kommunikasjon. Trass i at folketalet i dag er på veg oppover, har Issy-les-Moulineaux fleire arbeidarar enn innbyggjarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg vart Issy-les-Moulineaux berre kalla Issy. Namnet Issy kjem frå det mellomalderlatinske ordet Issiacum eller Isciacum, som kanskje tyder «eigedomen til Isicius (eller Iccius)», ein gallo-romersk landeigar.

I 1893 vart Issy offisielt Issy-les-Moulineaux. Les Moulineaux var namnet på grenda som låg i same området som kommunen, og namnet kjem visstnok av vindmøller (fransk moulins) som stod her i eldre tider.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]