Île-de-France

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Île-de-France
Île-de-France sitt våpenskjold
Fakta
Hovudstad Paris
Regionspresident Jean-Paul Huchon
Flatevidd 12 011 km²
Folketal 11 491 000 (2006)
Rangering 1
Folketettleik 957 innb./km²
Arrondissement 25
Kantonar 317
Kommunar 1 281
Geografi
Plassering av Île-de-France i Frankrike

Departement
Essonne   Hauts-de-Seine
Paris   Seine-Saint-Denis
Seine-et-Marne   Val-de-Marne
Val-d'Oise   Yvelines

Île-de-France er ein av regionane i Frankrike og har Paris som største og best kjende by. Området inneheld storbyområdet av hovudstaden Paris, og den folkerikaste i Frankrike med fleire innbyggjarar enn til dømes Belgia og Sverige.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Regionen blei forma av kongedømet som oppstod rundt kapetingarkongane på 900-talet. I det samla franske kongeriket blei han ein provins som markerte den økonomiske interessesona til parisiske kjøpmenn. Grensene endra seg stadig, og blei først fastlagde etter den franske revolusjonen. Den gamle provinsen var større enn dagens region, særleg strekte han seg lengre mot sør og aust.

Etter revolusjonen blei provinsen delt inn i tre departement: Seine, Seine-et-Oise og Seine-et-Marne. I 1945 blei desse tre samla igjen, og gjennom seinare politisk og administrativ desentralisering fekk Île-de-France igjen identitet og makt som minna om den gamle provinsen.

I 1965 auka talet på departement frå tre til dagens åtte. Omstruktureringa va det den energiske parisregionleiaren Paul Delouvrier som stod for. Bakgrunnen var den store makta prefekten av departementet Seine hadde; ho kunne måla seg med den til den franske statsministeren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Île-de-France


Flag of France.svg Franske regionar Flag of France.svg
Alsace | Aquitaine | Auvergne | Bourgogne | Bretagne | Centre | Champagne-Ardenne | Corse | Franche-Comté | Île-de-France | Languedoc-Roussillon | Limousin | Lorraine | Midi-Pyrénées | Nord-Pas-de-Calais | Basse-Normandie | Haute-Normandie | Pays de la Loire | Picardie |
Poitou-Charentes | Provence-Alpes-Côte d'Azur| Rhône-Alpes