Ján Mucha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ján Mucha
Jan Mucha 2009.jpg
Personleg informasjon
Namn Ján Mucha
Fødselsdato 5. desember 1982
Fødestad Belá nad Cirochou i Tsjekkoslovakia
Høgd 189 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Everton
Ungdomsklubb
Flag of Slovakia.svg TJ Slovan Belá nad Cirochou
Flag of Slovakia.svg MŠK Snina
Flag of Slovakia.svg Inter Bratislava
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2000-02
2002-05
2005
2005-
2010-
Flag of Slovakia.svg Inter Bratislava
Flag of Slovakia.svg Žilina
Flag of Slovakia.svg Humenné
Flag of Poland.svg Legia Warszawa
Flag of England.svg Everton
0 (0)
32 (0)
0 (0)
95 (0)
0 (0)
Landslag**
2008- Flag of Slovakia.svg Slovakia 14 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 27. juli 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mars 2010.

Ján Mucha (fødd 5. desember 1982) er ein slovakisk fotballspelar, som spelar som keeper for det polske laget Legia Warszawa og det slovakiske landslaget.

Mucha vart fødd i Belá nad Cirochou i Prešov-provinsen aust i Slovakia. Han begynte karrieren sin i den lokale klubben TJ Slovan Belá nad Cirochou. Derfrå gjekk han til MŠK Snina og seinare til Inter Bratislava. Han var to sesongar i A-stallen der, men utan å spela nokon kampar. Sommaren 2002 gjekk han til MŠK Žilina. Med det vann han den slovakiske meisterskapen to gonger. I 2005 var han på lån eit halvt år hjå 1. HFC Humenné.

Sommaren 2005 skreiv Mucha kontrakt for Legia Warszawa i Polen. I 2005/06-sesongen var han andreval som keeper, etter Łukasz Fabiański. Då han gjekk til Arsenal i 2007 vart Mucha førstevalet som keeper. Med Legia vann han den polske cupen 2007/08 og den polske supercupen i 2008. I januar 2010 skreiv Mucha under kontrakt med Everton i England. Han skal slutta seg til dei i juli 2010.

Mucha debuterte for det slovakiske landslaget 6. februar 2008 i ein vennskapskamp mot UngarnKypros. Kampen enda 1-1. Han spelte seks av Slovakia sine kampar under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 9. mars 2010.