Jürgen Schult

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jürgen Schult kastar diskos under Sommar-OL 1988 i Seoul.

Jürgen Schult (fødd 11. mai 1960) er ein tidlegare austtysk diskoskastar. Den 6. juni 1986 sette Schult sette ny verdsrekord i diskoskast i Neubrandenburg i Tyskland. Han kasta 74,08 meter og slo den tidlegare rekorden til Jurij Dumtsjev med heile 2,22 meter. Verdsrekorden til Schult er framleis ikkje blitt slått. Dei som har kome nærmast, er litauaren Virgilijus Alekna som kasta 73,88 i Kaunas i 2000 [1] samt estaren Gerd Kanter som har kasta tredje lengst i verda med 73,38. [2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jürgen Schult fekk ikkje delta under sommar-OL 1984 i Los Angeles av di Aust-Tyskland boikotta desse olympiske leikane. Hans fyrste OL-deltaking vart i Seoul i sommar-OL 1988. Her var det Schult som til slutt gjekk av med sigeren med eit kast på 68,82 meter framfor Romas Ubartas frå Sovjetunionen.

Etter sigeren kom den tidlegare diskoskastaren Wolfgang Schmidt for å gratulera Schult med sigeren, men Schult avviste gratulasjonen. Schmidt hadde tidlegare tevla for Aust-Tyskland, men hadde no flytta over muren til Vest-Tyskland.

Under sommar-OL 1992 i Barcelona tevla Jürgen Schult det sameinte Tyskland. Her fekk han olympisk sølv, berre slått av Romas Ubartas, som no tevla for Litauen.

I tillegg til OL-prestasjonane vart Jürgen Schult m.a. verdsmeister i diskos i Roma i 1987 og europameister under EM i friidrett 1990 i Split. Han tok medaljar under VM i friidrett 1993, 1997 og 1999 før han gav seg som toppidrettsmann. I seinare tid har han vore aktiv som friidrettstrenar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]