Romas Ubartas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Romas Ubartas (fødd 26. mai 1960) er ein tidlegare diskoskastar frå Litauen. Ubartas representerte Sovjetunionen fram til unionsoppløysinga i 1990. Ubartas har ein personleg rekord på 70,06 frå 1988. [1]

Romas Ubartas deltok for Sovjetunionen under sommar-OL 1988 i Seoul. Her tok han sølvmedaljen bak austtyske Jürgen Schult og framfor vesttyske Rolf Danneberg. [2] I sommar-OL 1992 i Barcelona tevla Ubartas for Litauen. Her tok han for fyrste gong olympisk gull framfor Schult og cubanske Roberto Moya. [3]

Ubartas deltok også under sommar-OL 2000 i Sydney, men rauk ut i kvalifiseringa. [4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]