J.A. Friis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jens Andreas Friis (2. mai 182116. februar 1896) var ein norsk språkforskar og forfattar.

Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han tok først teologisk embetseksamen. Seinare studerte han samisk språk i Christiania og vidare hos Elias Lönnrot i Finland. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Friis gjorde studiet av samisk til si livsgjerning. Han utgav mange og grundige verk om samiske språk og mytologi. Attåt skreiv han folkelivs- og reiseskildringar, som vart svært populære. Det mest kjende skjønnlitterære verket hans kom ut under namnet Fra Finnmarken. Skildringer, i 1881. Seinare kom boka i fleire nye opplag, under namnet Lajla, også på nynorsk (1944). Romanen er filmatisert tre gonger. Hans skjønnlittære verk er og omsett til andre språk.

Den langsiktige verknaden av Friis sitt arbeid var det praktiske språkarbeidet hans. Friis-rettskrivinga for nordsamisk vart brukt i den nordsamiske bibelen, og i tidsskriftet Nuorttanaste. Ho er dermed i bruk i religiøs samanheng den dag i dag, trass i at det har komme tre ulike rettskrivingar etter Friis si rettskriving.

Ordboka til Friis var viktig då ho kom, men ho har seinare komme i skuggen av Konrad Nielsen si store ordbok.

J.A. Friis døydde i Kristiania.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Friis, J.A. 1856: Lappisk Grammatik : udarbeidet efter den finmarkiske Hoveddialekt eller Sproget, saaledes som det almindeligst tales i norsk Finmarken . Christiania: Cappelen.
  • Friis, J.A. 1856: Lappiske sprogprøver
  • Friis, J.A. 1871: Lappisk mythologi, eventyr og folkesagn. Christiania: Cammermeyer.
  • Friis, J.A. 1881: Lajla
  • Friis, J.A. 1884: Klosteret i Petchenga
  • Friis, J.A. 1861: Etnografisk kart over Finnmarken
  • Friis, J.A. 1887: Ordbog over det lappiske sprog : med latinsk og norsk forklaring : samt en oversigt over sprogets grammatik. Christiania : I kommission hos Jacob Dybwad.
  • Friis, J.A. 1888: Etnografisk kart over Finnmarken

Litteratur om Friis[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]