Jan Žižka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Žižka, detalj frå Jan Matejko-måleriet Slaget ved Tannenberg

Jan Žižka z Trocnova a Kalicha eller berre Jan Žižka (13601424) var ein tsjekkisk general og ein av dei leiande tilhengjarane til Jan Hus og opprøret hans mot katolisismen. Tilnamnet Žižka tyder «einaugd» og viser til at han som barn tilsynelatande mista synet på det eine auge etter eit slagsmål.

Jan Žižka delto i slaget ved Tannenberg i 1410, men vart for alvor kjend under hussittarkrigane frå 1419. Det var for ein stor del Žižka si forteneste at hussittarane hadde militær suksess. Han prøvde å invadere Ungarn, men måtte gje dette opp då ungararane var talmessig overlegne. Under tilbaketrekkinga viste han nokre handlingane som har gjeve han rykte som ein av dei største tsjekkiske hærførarane gjennom tidene. Under borgarkrigen i Böhmen vann han klare sigrar over dei Tabor-baserte motstandarane sine omkring Praha, og han på veg til å innta hovudstaden i juni 1424, da det vart inngått fred. Dei samla partane vart då einige om å gå til åtak på Mähren med Jan Žižka i spissen, men undervegs døydde Žižka av pest. Fiendane hans frykta han så mykje at dei i samband med dødsfallet hans omtalte han som «han som ingen dødeleg hand kan øydeleggje vart utsletta av Guds finger».

Statue av Jan Žižka i Tabor

Jan Žižka var ein uortodoks og nyskapande militærtaktikar. Han utnytta dei individulle evnene til troppane sine til det perfekte og fann opp vognfortet, som òg er kjend frå det ville vesten, der ein stiller vognene opp tett mot kvarandre og på den måten skapar eit mobilt fort med vern for folk og hestar. Samstundes gav det høve for nok tid til å lade om gevær, som slik for første gong vart ein suksess i krigssituasjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jan Žižka

Kjelder[endre | endre wikiteksten]