Janez Drnovšek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janez Drnovšek

Statsborgarskap Slovenia
Fødd 17. mai 1950
Celje
Død

23. februar 2008 (57 år)
Zaplana

Yrke samfunnsøkonom, diplomat, politikar, skribent, politisk kommissær, bankier, forretningsdrivande, deltakar i internasjonale forum
Språk slovensk, engelsk, kroatisk, spansk, fransk, tysk, serbokroatisk
Verv President i Jugoslavia
Periode 1989-1990
Føregangar Raif Dizdarević
Etterfylgjar Borisav Jović
Verv Statsminister i Slovenia
Periode 1992-2000
Føregangar Lojze Peterle
Etterfylgjar Andrej Bajuk
Verv Statsminister i Slovenia
Periode 2000-2002
Føregangar Andrej Bajuk
Etterfylgjar Anton Rop
Verv President i Slovenia
Periode 2002-2007
Føregangar Milan KučanMilan Kučan
Etterfylgjar Danilo Türk
Politisk parti Gibanje za pravičnost in razvoj, Liberalna demokracija Slovenije, Slovenias kommunistforbund
Janez Drnovšek på Commons

Janez Drnovšek (17. mai 195023. februar 2008) var ein slovensk politikar og tidlegare president i Slovenia, frå 2002 til 2007. Han har òg vore statsminister i Slovenia og president i Jugoslavia.

Drnovšek vart fødd i Celje i det som då var den slovenske delrepublikken i Jugoslavia. Han er utdanna økonom med doktorgrad frå universitetet i Maribor i 1986. Han har arbeidd i eit bygningsfirma, i bank og som økonomisk rådgjevar ved den jugoslaviske ambassaden i Kairo. I 1986 vart han vald som delegat til parlamentet i Slovenia og også det jugoslaviske parlamentet. I 1989 vart det for første gong heldt frie val i Slovenia til plassen som Slovenia sin representant til Jugoslavia sitt kollektive presidentskap og Drnovšek vann valet. Han vart dermed den første fritt valde medlemen i presidentskapet. På denne tida rullerte posten som formann i presidentskapet, og dermed president i Jugoslavia, mellom dei ulike delrepublikkane for eit år om gongen. I 1989 var det Slovenia sin tur til å ha presidenten, og Drnovšek vart dermed president i Jugoslavia, frå 15. mai 1989 til 15. mai 1990. Han var på denne tida framleis medlem i kommunistpartiet.

I 1991 erklærte Slovenia sjølvstende, og ein kort krig braut ut mot den jugoslaviske hæren. Drnovšek leia forhandlingane på øya Brioni som enda med våpenstillstand og tilbaketrekking av dei jugoslaviske styrkane. Etter at Slovenia vart sjølvstendig har han vore ein av dei mest framtredande politikarane i landet. I 1992 vart han leiar av partiet Slovenias Liberale Demokrati (Liberalna Demokracija Slovenije - LDS), og i april same året vart han statsminister i Slovenia. Han fokuserte på økonomiske reformer og privatisering. I hans tid som statsminister starta prosessane med å oppnå slovensk medlemskap i NATO og EU. Han sat som statsminister til 2002, med nokre få månaders avbrot i 2000. I 2002 gjekk han òg av som partileiar. Ved presidentvalet 10. november og 1. desember 2002 vart han vald til president med 44,4 % i første valrunde og 56,5 % i andre runde. I 2006 forlet han partiet LDS. Han stilte ikkje til attval i 2007, og gjekk av då perioden hans var over, den 23. desember 2007.

Janez Drnovšek var skild og hadde to born. Han var veganar.

Drnovšek døydde i 2008 i heimen sin i Zaplana.