Jauza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jauza
Jauza renn gjennom Moskva
Jauza renn gjennom Moskva
Munning Moskvaelva
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 48 km
Middelvassføring 9,4 m³/s
Nedslagsfelt 452 km²

Jauza (russisk Яуза) er ei elv i Moskva oblast og byen Moskva i Russland og ei av sideelvane til Moskva frå venstre. Elva er 48 km lang og har eit nedslagsfelt på 452 km². Elva har ei middelvassføring på 9,4 m³/s ved munningen.

Elva har utspring i Losinyj Ostrov nasjonalpark nordaust for Moskva, og renn gjennom byen Mytisjtsji. Ho passerer bygrensa til Moskva og munnar ut i Moskvaelva midt i byen, rundt 2 km aust for Kreml. Over munningen av Jauza ligg Malyj Ustinskij-brua.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]