Jihlava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jihlava
Sentrum av Jihlava
Sentrum av Jihlava
Flagget til Jihlava Byvåpenet til Jihlava
Flagget til Jihlava Byvåpenet til Jihlava
Styresmakter
Land
Kraj
Tsjekkia
Vysočina
Første nemnd i 1233
Borgarmeister Jaroslav Vymazal
Geografi
Flatevidd
 - By

78,85 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

50 676
  643/km²
Koordinatar 49°24′″N 15°35′″EKoordinatar: 49°24′″N 15°35′″E
Høgd over havet 525 m
Diverse anna
Postnummer 586 01
Nettstad: www.jihlava.cz
Plassering
Jihlava is located in Tsjekkia

Jihlava (tysk Iglau) er ein by i Tsjekkia, som ligg midt i regionen Vysočina ved elva Jihlava (tysk Igel). Her låg den gamle grensa mellom Mähren og Böhmen, og byen er av dei eldste gruvebyane i Tsjekkia, om lag 50 år eldre enn Kutná Hora.

Av dei viktigaste byggverka i byen finn ein dei tidlege gotiske kyrkjene St. Jakob, Den vesle munkekyrkja av Vår Frue og den dominikanske kyrkja av Den heilage krossen, barokkyrkja St. Ignatius av Loyola, rådhuset og fleire offentlege bygg i gotisk og renessansestil. Det finst òg ein jødisk gravplass med mange usedvanlege monument, som gravsteinen til foreldra til Gustav Mahler.

Ein gammal slavisk busetnad ved vadestaden over elva (først nemnd i 1233) vart flytta til ein nærliggande ås der gruvebyen vart grunnlagd (om lag 1240) av kong Václav I i mellomalderen. Han var stort sett busett av tyskarar frå nord i Bayern og øvre Sachsen. Gruvene frå mellomalderen med gruvebusetnader rundt låg utanfor bymurane. I følgje ei segn skal det ha vore sølvgruver i drift her så tidleg som 799, men det finst ingen historiske bevis for dette.

Under hussittarkrigane var Jihlava ein katolsk by og klarte å stå imot ei rekkje omleiringar. Seinare, den 5. juli 1436 vart det gjort ein avtale med hussittane der keisar Sigismund anerkjende kongen av Böhmen. Ei utskjering i marmor nær byen markerer staden der Ferdinand I i 1527 svor truskap til den bømiske statane.

Under trettiårskrigen vart Jihlava erobra to gonger av svenskane. I 1742 vart han underlagd Kongedømet Preussen under den austerrikske arvefølgjekrigen, og i desember 1805 vart bayarane under Wrede slått nær byen. I 1860 var byen barndomsheim for den bøhmsk-austerrikske komponisten Gustav Mahler.

Før 1945 var Jihlava senter for den nest største tysktalande enklaven i Tsjekkoslovakia (etter Schönhengst/Hřebečsko). Etter den andre verdskrigen var over vart dei tyske innbyggjarane i byen anten myrda eller kasta ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]