Jinan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
kinesisk 濟南
(pinyin Jǐnán)
Andre namn Chi-nan, Tsinan
Jinanfromqianfoshan.jpg
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Shandong
Geografi
Innbyggjarar 1 917 200
Plassering
ChinaShandongJinan.png

Jinan er ein kinesisk by som er provinshovudstad i Shandong. Han ligg på sørbreidda av Huang He.

Jinan er eit viktig administrativt senter. Han har ein god del industri som omfattar produksjon av tyngre køyretøy (som lastebilar og vegmaskiner), jern- og stålindustri (råjern, stålwire, jernbaneskjenar), tekstilindustri, kornmøller og annan næringsmiddelindustri. Jinan er jernbaneknutepunkt på hovudbanen BeijingShanghai, med sidebane til hamnebyen Qingdao.

Byen er òg eit gammalt kultursenter med tempel, konfutsiansk bibliotek, provinsmuseum og eit stort universitet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jinan har vore provinshovudstad sidan mellomalderen. Rundt 1900 blei han opna for utanlandsk handel (først med tyskarar og seinare japanarar. Han var under japansk okkupasjon 1937–45, og var under den kinesiske borgarkrigen åstad for harde kampar før han blei teken av kommunistane i 1948.

Jinan ligg ved nordskråningen av det Taifjellet (Tai Shan), ein av dei fem heilage fjelltoppane i taoismen. Fjellet er rekna som verdsarv av UNESCO.

Longshan, 30 km aust for byen, var senter for den 5000 år gamle Longshan-kulturen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jinan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]