Jixi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jixi (gul) i Heilongjiang

Jixi er eit byprefektur aust i provinsen Heilongjiang i Kina, med ei lang austgrense mot Russland. Byprefekturet har eit areal på 22 351 km² og 1 862 161 innbyggjarar i 2010.

Byprefekturet Jixi omfattar seks distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og eitt fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 201 går gjennom prefekturet. Vegen tek til i Hegang i provinsen Heilongjiang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodonghalvøya til Lüshunkou/Dalian.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]