Mudanjiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mudanjiang (gul) i Heilongjiang

Mudanjiang (kinesisk: 牡丹江; pinyin: Mǔdānjiāng) er eit byprefektur i provinsen Heilongjiang i Kina, søraust i provinsen. Byprefekturet, som er det sørlegaste i Mudanjiang, grensar mot provinsen Jilin i sør og mot grannelandet Russland i aust (frå byen Mudanjiang er det 248 km til Vladivostok). Byprefekturet Mudanjiang har eit areal på 40 435 km² og 2 798 723 innbyggjarar (2010). Vel 800000 av innbyggjarane bur i byen/byområdet Mudanjiang.

Byprefekturet Mudanjiang omfattar fire bydistrikt (区 ), fire byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 201 går gjennom prefekturet. Vegen tek til i Hegang i provinsen Heilongjiang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodonghalvøya til Lüshunkou/Dalian.

Også Kinas riksveg 301 går gjennom området. Han går frå Suifenhe i Heilongjiang via mellom andre Mudanjiang, Harbin og Qiqihar til Manzhouli i Indre Mongolia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]