Joachim Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Joachim Nielsen».
Joachim Nielsen

Joachim «Jokke» Nielsen (8. september 196417. oktober 2000) var ein norsk musikar. Han var vokalist, gitarist, låtskrivar og frontfigur i den norske rockegruppa Jokke & Valentinerne, og var bror til teikneserieskaparen Christopher Nielsen og son av kunstnaren John David Nielsen.

Nielsen skipa Jokke & Valentinerne i 1982, og gruppa vart snøgt ei av dei mest populære gruppene i rockemiljøet i Oslo. I 1985 vart låtane «Spenn» og «Alt kan repareres» gjevne ut på ein samlekassett med nye norske band, og året etter gav Jokke & Valentinerne ut sitt fyrste album, Alt kan repareres.

Jokke levde på mange måtar opp til rockemyten. Tekstane hans handla mykje om fyll og alkohol, og ikkje sjeldan var Jokke sjølv i overkant påverka på sine eigne konsertar. Han skapte avisoverskrifter under utdelinga av Spellemannprisen i 1992 då han for albumet Frelst tok imot prisen i kategorien beste rockeartist, synleg ruspåverka.

90-talet tok «Jokke» i bruk hardare rusgifter. I songtekstane sine skildra han strevet og fortvilinga i livet sitt som narkoman. Han vart lagd inn på avrusingsklinikkar nokre gonger, for å freista slutta med heroin, noko han diverre ikkje klarte. «Jokke» Nielsen døydde av ein overdose i oktober 2000, berre 36 år gamal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Jokke & Valentinerne[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Jokke med Tourettes[endre | endre wikiteksten]

Jokke & Valentinerne med Tourettes[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]