Johan Georg III av Sachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Georg III
1647 Johann Georg.JPG
Kurfyrsten av Sachsen
Regjeringstid 22. august 1680 – 12. september 1691
Fødd 20. juni 1647
Fødestad Dresden
Død 12. september 1691 (44 år)
Dødsstad Tübingen
Gravlagd Freiberg-katederalen
Føregjengar Johan Georg II
Etterfølgjar Johan Georg IV
Gift med Anna Sofie av Danmark
Far Johan Georg II av Sachsen
Mor Magdalane Sybille av Brandenburg-Bayreuth
Born Johan Georg IV av Sachsen
Fredrik August I av Sachsen

Johan Georg III (20. juni 164712. september 1691) var kurfyrste av Sachsen frå 1680 til 1691.

Han endra den franskvenlege kursen til faren og tok parti mot Ludvig XIV av Frankrike. Han var med i slaget ved Wien mot Det osmanske riket i 1683 som marskalk av Det tysk-romerske riket og støtta

Leopold vidare i den store tyrkiske krigen frå 1686. Han vart ikkje med i Augsburgforbundet i 1686 mot Frankrike i niårskrigen, men reiste personleg til Haag i mars 1688 for å diskutere med Vilhelm av Oranien, Georg Vilhelm av Braunschweig-Lüneburg og Fredrik Vilhelm av Brandenburg om mogelege trekk mot Ludvig XIV. Han støtta derimot ikkje direkte at Vilhelm skulle ta over den engelske trona.

Etter ein ny invasjon av Frankrike i 1689, lånte han igjen bort soldatane sine for å verne Franken. Han vart seinare med i armeen til Karl av Lorraine og tok del i omleiringa av Mainz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]