Slaget ved Wien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Wien
Del av den store tyrkiske krigen, osmansk-habsburgske krigar og den polsk-osmanske krigen
Battle of Vienna 1683 11.PNG
Slaget ved Wien den 12. september 1683
Dato 11–12. september 1683
Stad Wien i Det tysk-romerske riket, i dag Austerrike
Resultat Avgjerande siger for Den heilage ligaen
Partar
Herb Rzeczypospolitej Obojga Narodow.svg Det polsk-litauiske samveldet
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Flag of Bavaria (lozengy).svg Bayern
Flag of Saxony.svg Kurfyrstedømet Sachsen
Franken
Schwaben
Storhertugdømet Toscana
Flag of the Cossack Hetmanat.svg Zaporozje-kosakkar [1] [2]
lenkje={{{namn}}} {{{namn}}}
Osmanske vasallar:
Flag of Krim Khanat.svg Krim-khanatet
Flag of Moldavia.svg Fyrstedømet Moldavia
Flag of Wallachia.svg Fyrstedøme Valakia
Fyrstedømet Transilvania
Kommandantar
Jan III Sobieski
Flagget til Det tysk-romerske riket Ernst Rüdiger von Starhemberg
Flagget til Det osmanske riket Kara Mustafa Pasja
Styrkar
84 400 150 000 (92 000 i kamp)

Slaget ved Wien (tysk Schlacht am Kahlenberg) fann stad den 11. og 12. september[3] 1683 etter at Wien hadde vore kringsett av Det osmanske riket i to månader. Det var eit slag der Det tysk-romerske riket i lag med Det polsk-litauiske samveldet (Den heilage ligaen) stod opp mot Det osmanske riket og len i Det osmanske riket ved fjellet Kahlenberg nær Wien. Slaget markerte starten på eit politisk hegemoni for Habsburg-dynastiet i Det tysk-romerske riket og Sentral-Europa.

Slaget vart vunnen av den samla styrken til Det polsk-litauiske samveldet. Styrken frå Det tysk-romerske riket var leidd av Ernst Rüdiger Graf von Starhemberg under Leopold I Habsburg av Det tysk-romerske riket. Kongen av Polen, Jan III Sobieski, var øvstkommanderande.

Alliansen kjempa mot armeen til Det osmanske riket og dei osmanske lena kommandert av storvesir Merzifonlu Kara Mustafa Pasja. Kringsetjinga starta den 14. juli 1683 med om lag 150 000 mann frå Det osmanske riket.[4] Kringsetjingsstyrken bestod av 60 ortaer med janitsjarar (12 000 mann på papiret) med ein observasjonsarme på kring 70 000[5] mann som såg over landområda kring. Det avgjerande slaget fann stad 12. september etter at ein samla støttearme på 80 000 mann nådde fram.

Somme historikarar meiner at slaget markerte vendepunktet i dei osmansk-habsburgske krigane, den 300 år lange kampen mellom Det tysk-romerske riket og Det osmanske riket, men somme meiner òg at slaget berre stadfesta at makta til Det osmanske riket var svekka. Dei nesten seksten åra etter slaget, okkuperte og dominerte habsburgarane i Austerrike gradvis det sørlege Ungarn og Transilvania, der dei osmanske styrkane vart driven bort frå. Slaget er òg kjend for det største kavaleriåtaket i historia.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Å ta Wien hadde lenge vore eit strategisk mål for Det osmanske riket, sidan byen kontrollerte Donau-området i Sør-Europa (Svartehavet til Vest-Europa), og handelsvegane over land (det austlege Middelhavet til Tyskland). I åra før den andre kringsetjinga (den første var i 1529), der storvesirane fekk støtte hos den viktige Köprülü-familien, gjorde Det osmanske riket store logistiske førebuingar der dei mellom anna reparerte og bygde vegar og bruer inn i Det tysk-romerske riket og dei logistiske sentra, samt sendte fram ammunisjon, kanonar og andre ressursar frå over heile Det osmanske riket til desse logistiske sentra og inn i Balkan.

På den politiske sida, hadde Det osmanske riket gjeve ungararane og ikkje-katolske minoritetar i dei habsburg-okkuperte delane av Ungarn militærstøtte. Her hadde det i åra før omleiringa vore stor uro og eit ope opprør mot Leopold I som prøvde å knuse protestantismen med ein motreformasjon. I 1681 vart protestantar og andre anti-habsburgske Kuruc-styrkar, leia av Imre Thököly, forsterka med ein stor styrke osmanarar, som anerkjende Thököly som konge av «Øvre Ungarn» (den austlege delen av dagens Slovakia og delar av det som i dag ligg nordaust i Ungarn, som han tidlegare hadde teke frå habsburgarane). Denne støtta gjekk så langt som ein lovnad om å gje «Kongedømet Wien» til ungararane om det fall til osmanarane. Like før kringsetjinga hadde det likevel vore fred i tjue år mellom Det tysk-romerske riket og Det osmanske riket etter freden i Vasvár.

Sultan Mehmed IV

I 1681 og 1682 vart kampane mellom styrkane til Imre Thököly og Det tysk-romerske riket (som då hadde grense nord i Ungarn) hardare, og streiftoga til dei habsburgske styrkane inn i det sentrale Ungarn gav storvesir Kara Mustafa Pasja eit godt nok argument til å overtyde sultan Mehmet IV og divanen hans om å flytte den osmanske armeen. Mehmet IV gav Kara Mustafa Pasja løyve til å operere så langt som til Győr (namnet i den osmanske perioden var Yanıkkale, tysk: Raab) og Komárom (tyrkisk Komaron, tysk Komorn), begge nordvest i Ungarn, og kringsetje desse. Den osmanske armeen mobiliserte den 21. januar 1682, og krigen vart erklært den 6. august 1682.

Logistikken på denne tida gjorde det risikabelt eller umogeleg å starte ein invasjon i august eller september 1682 (eit tre månader langt felttog ville fått osmanarane til Wien like når vinteren starta). Denne 15 månader lange pausen mellom mobiliseringa og starten på den store invasjonen gjorde at Wien fekk nok med tid til å førebu forsvaret og for Leopold til å samle nok soldatar frå Det tysk-romerske riket og setje opp ein allianse med Polen, Republikken Venezia og pave Innocent XI. Dette var utan tvil medverkande til at osmanarane mislukkast. Den avgjerande alliansen mellom Det tysk-romerske riket og Polen var ein avtale der Leopold lovde støtte til Sobieski om osmanarane gjekk til åtak mot Kraków; til gjengjeld skulle den polske hæren hjelpe Wien om dei vart angripne.

Den 31. mars 1683 nådde ei ny erklæring keisarhoffet i Wien, sendt av Kara Mustafa på vegner av Mehmet IV. Dagen etter starta den osmanske hæren marsjen frå Edirne i Thrakia. Soldatane nådde Beograd tidleg i mai, og flytta så mot Wien. Om lag 40 000 Krim-tatarar nådde fram 40 km aust for Wien den 7. juli og var alt då dobbelt så mange som keisarsoldatane i området. Etter nokre innleiande kampar, trekte Leopold seg attende til Linz med 80 000 innbyggjarar frå Wien.

Kong Jan III Sobieski førebudde seg på å støtte Wien sommaren 1683 for å oppfylle sin del av avtalen. Han gjekk så langt at han forlet landet sitt meir eller mindre utan forsvar då han forlet Kraków den 15. august. Sobieski dekte dette med ei streng åtvaring til Imre Thököly, leiaren av Ungarn, som han truga med øydeleggjing om han prøvde å utnytte situasjonen - noko Thököly prøvde på. Jan Kazimierz Sapieha den yngre utsette marsjen til den litauiske armeen og øydela i staden det ungarske høglandet (no Slovakia), og nådde fram til Wien etter at slaget var over.[6]

Soldatar Infanteri Kavaleri og dragonar Kanonar Total
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Dei tysk-romerske styrkane totalt: 29 600 17 800 124 47 250
    Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Keisarsoldatar 8 100 10 350 70 18 400
    Flag of Bavaria (lozengy).svg Bayern 7 500 3 000 26 10 500
    Flag of Baden-Württemberg.svg Schwaben & Franken 7 000 2 500 12 9 500
    Blason Jean-Georges IV de Saxe.svg Sachsen 7 000 2 000 16 9 000
Herb Rzeczypospolitej Obojga Narodow.svg Kongedømet Polen 16 450 20 550 28 37 000[7]
Habsburgarane og deira allierte totalt: 46 050 38 350 152 84 400

Hendingar under kringsetjinga[endre | endre wikiteksten]

Den osmanske armeen starta kringsetjinga av Wien den 14. juli. Same dagen sendte Kara Mustafa det tradisjonelle kravet om at byen skulle overgje seg.[8]

Ernst Rüdiger Graf von Starhemberg, leiar for dei gjenverande 11 000 soldatar og 5 000 innbyggjarane og frivillige med 370 kanonar, nekta å kapitulere. Berre dagar før hadde han fått meldingar om massakren i Perchtoldsdorf,[9] ein by sør for Wien som hadde gjeve nøklane til byen til osmanarane etter eit liknande val.

Innbyggjarane hadde øydelagd mange av husa kring bymurane og fjerna restane, slik at det låg ei open slette føre bymurane der osmanarane ikkje kunne gøyme seg om dei prøvde å storme byen. Kara Mustafa Pasja løyste problemet med å få styrkane sine til å grave lange grøfter i retning mot byen, slik at dei kunne kome seg trygt nærmare.

Sjølv om osmanarane hadde 300 gode kanonar, var festningsverka i Wien særs sterke og moderne, og osmanarane måtte finne meir effektiv bruk av krutet sitt: minekrig. Det vart grave tunnelar under dei massive bymurane for å sprenge dei i stykke med store mengder svartkrut.

Men osmanarane kom treigt i gang med dette, i tillegg til at armeen deira kom seint fram etter at dei hadde erklært krig, og ein støttestyrke nådde derfor fram før dei fekk utført planane. Historikarar har spekulert i at Kara Mustafa ønskte å ta byen intakt på grunn av dei store rikdomane, og ikkje ønskte eit frontalåtak for å hindre plyndringa som ville kome etter eit slikt åtak.[10]

Den osmanske kringsetjinga stoppa all tilførsel av matforsyningar til Wien,[11] og garnisonen og dei sivile frivillige leid hardt. Utmatting vart eit så stort problem at Graf Ernst Rüdiger von Starhemberg gav ordre om at alle soldatar som vart funnen sovande på vakt skulle skytast. I stadig større desperasjon var styrkane i Wien nesten i ferd med å gje opp då keisarstyrkane under hertug Karl V av Lorraine i august slo Imre Thököly av Ungarn i Bisamberg, 5 km nordvest for Wien.

Den 6. september kryssa polakkane under Jan III Sobieski Donau 30 km nordvest for Wien ved Tulln, og slo seg saman med keisarsoldatane og andre styrkar frå Sachsen, Bayern, Baden, Franken and Schwaben. Frankrike avslo å hjelpe rivalen frå Habsburg. Ludvig XIV av Frankrike nytta i staden høvet til å invadere dei vestlege områda av Det tysk-romerske riket, hovudsakleg Alsace [sjå gjenforeiningskrigen].

Tidleg i september sprengde dei erfarne 5 000 osmanske sappørane stadig store delar av bymurane, bastionen Burg, bastionen Löbel og utanverket Burg i mellom, og skapte eit om lag 12 km langt hol i muren. Forsvararane i Wien prøvde å hindre dette med å grave sine eigne tunnelar for å avskjere dei osmanske. Osmanarane klarte til slutt å okkupere utanverket Burg og Nieder-muren i det området den 8. september. Forsvararane venta at dei braut gjennom bymurane når som helst og førebudde seg på å kjempe innanfor bymurane.

Klargjering av slaget[endre | endre wikiteksten]

Sobieski i Wien av Juliusz Kossak

Støttearmeen måtte handle raskt for å redde byen og hindre ei ny lang kringsetjing. Trass i at det var fleire nasjonar involvert og at det berre tok seks dagar, vart det oppretta ein effektiv leiarstruktur kring kongen av Polen og det tunge kavaleriet hans.

Kara Mustafa Pasja var derimot mindre effektiv, trass i at han hadde hatt månader på å organisere styrkane sine og sikre motivasjonen og lojaliteten deira, samt førebu seg på det venta åtaket frå hjelpearmeen. Han hadde gjeve ansvaret for det bakre forsvaret til Khanen av Krim og kavaleristyrken hans, som talde om lag 30 - 40 000 mann.

Rustninga til polske hussarar, frå kring 1600-talet.

Det er usikkert kor mykje dei tatarske styrkane deltok i det endelege slaget i Wien. Khanen deira førte seg støytt av fleire irettesetjingar av Kara Mustafa og skal visstnok ha nekta å angripe den polske støttestyrken då dei kryssa fjella, der det lette tatarske kavaleriet kunne ha hatt ein fordel mot det tunge polske kavaleriet.[10] I tillegg var dei ikkje dei einaste som opent nekta å utføre ordrane til Mustafa.

Dette gjorde at fleire bruer var uforsvarte slik at dei allierte styrkane kunne kryssast og nå fram til kringsetjinga.

Osmanarane kunne heller ikkje stole på dei allierte frå Valakia eller Moldavia. Romarane mislikte osmanarane, som la høge skattar på landa deira. Osmanarane blanda seg òg inn i den indre politikken i desse landa, og prøvde å erstatta dei herskande fyrstane med menn som kunne fungere som osmanske marionettar. Då George Ducas, fyrste av Moldavia og Şerban Cantacuzino, fyrste av Valakia fekk vite om dei osmanske planane, prøvde dei å åtvare habsburgarane. Dei prøvde òg å unngå å delta i felttoget, men osmanarane insisterte på at dei sende soldatar. Det er mange populære segner om dei valakiske og moldaviske styrkane under kringsetjinga. Mellom anna skal dei ha ladd kanonane sine med høyballar for at dei ikkje skulle øydeleggje bymurane.

Då keisarsoldatane nådde Kahlenberg oppfor Wien, sende dei signal med bål. Tidleg på morgonen den 12. september, før slaget, vart det halden ei messe for kongen av Polen og adelsmennene hans.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Wien, av Józef Brandt
Polske soldatar 1674-1696

Slaget starta før alle einingane var oppstilte. Tidleg på morgonen, kl. 0400, gjekk osmanarane til åtak, og prøvde å hindre oppstillinga av soldatane til Den heilage ligaen. Karl av Lorraine rykte fram med keisarmeen til venstre og den andre tysk-romerske styrken i senteret.

Mustafa Pasja sendte eit motåtak med det meste av styrken sin, men heldt attende dei beste janitsjarane og Sipahi-einingane for å gå til åtak på byen samstundes. Dei osmanske kommandantane planla å ta Wien før Sobieski nådde fram, men tida var i ferd med å forsvinne. Sappørane hadde førebudd ei stor og siste avfyring under Löbelbastei,[12] for å bryte gjennom murane. Medan osmanarane hasta for å bli ferdig med arbeidet og forsegla tunnelen for at eksplosjonen skulle verte meir effektivt, fann forsvararane frå Wien tunnelen utpå ettermiddagen. Ein av dei gjekk inn og klarte å stoppe lunta akkurat i tide.

På denne tida var slaget på overflata i full gang. Det polske infanteriet sette i gang eit massivt åtak mot den osmanske høgreflanken. I staden for å fokusere på slaget med hjelpearmeen, prøvde osmanarane framleis å tvinge seg inn i byen.

Etter tolv timar med kampar, heldt polakkane stand på høgda til høgre. Kavaleriet til Den heilage ligaen venta i åsane og observerte infanterislaget heile dagen. Kring kl. 1700 gav den polske kongen ordre til kavaleriet om å angripe i fire grupper, ei gruppe frå Det tysk-romerske riket og dei tre andre frå Polen. 20 000 ryttarar storma ned åsane (det største kavaleriåtaket i historia). Jan III Sobieski leia sjølv åtaket føre 3 000 polske tunge lansenérar, dei kjende polske hussarane. Lipka-tatarane som kjempa på den polske sida hadde festa høy i hjelmane sine for at ein skulle skilje dei frå tatarane som kjempa for osmanarane. Åtaket braut gjennom linja til osmanarane, som var trøytte etter å ha kjempa ein lang kamp på to sider. I forvirringa som oppstod, sette kavaleriet av stad mot den osmanske leiren, medan garnisonen i Wien strøymde ut av forsvarsstillinga og deltok i åtaket.

Dei osmanske soldatane var trøytte og motlause etter å ha mislukkast både med sappøråtaket og frontalåtaket mot byen. Då kavaleriet nådde fram kom vendepunktet i slaget, og osmanarane vart drivne attende mot sør og aust. Etter mindre enn tre timar etter kavaleriåtaket hadde dei kristne styrkane vunne slaget og redda Wien.

Etter slaget siterte Sobieski Julius Cæsar ved å sei «Venimus, Vidimus, Deus vincit» - «Vi kom, vi såg, Gud vann».

Tilbakekomst av Wien av Józef Brandt, polsk arme med utbyttet frå dei osmanske styrkane.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Osmanarane tapte minst 15 000 mann som døydde eller vart skadde i kampane, samt at 5 000 mann vart tekne til fange. Dei tapte òg alle kanonane. Den heilage ligaen tapte kring 4 500 mann.

Hærfangsten som Den heilage ligaen fekk var enorm, som kong Sobieski skildra i eit brev til kona si nokre dagar etter slaget:

Skattane våre er uhøyrte ... telt, sauer, kveg og ikkje få kamelar ... det er ein siger ingen har høyrt om før, og fienden er no totalt ruinert, dei har tapt alt. Dei må springe for livet ... kommandant Starhemberg klemde og kyssa meg og kalla meg frelsaren sin.[13]

Starhemberg gav med ein gong ordre om å reparere dei øydelagde festningsverka kring Wien og setje opp vakt mot eit mogeleg osmansk motåtak. Dette viste seg å ikkje vere naudsynt. Sigeren i Wien gjorde at prins Eugene av Savoie kunne gjenerobre Ungarn og (mellombels) nokre av landområda på Balkan dei neste åra. Det tysk-romerske riket signerte ein fredsavtale med Det osmanske riket i 1699.

Lenge før det, hadde osmanarane kvitta seg med den slåtte kommandanten. Den 25. desember 1683 vart Kara Mustafa Pasja avretta i Beograd (kvalt med eit silketau som vart dradd av fleire menn i kvar ende) etter ordre frå kommandanten til janitsjarane.

Verde[endre | endre wikiteksten]

Sobieski sender melding om sigeren til paven av Jan Matejko
Sobieski møter Leopold I av Artur Grottger

Osmanarane kjempa i 16 år til og mista kontroll over Ungarn og Transilvania i prosessen, før dei til slutt gav opp. Konflikten enda i 1699 med freden i Karlowitz.

Slaget markerte den historiske slutten på ekspansjonen til Det osmanske riket i Europa.

Oppførselen til Ludvig XIV av Frankrike la òg opp til hendingane det neste hundreåret: Det tysk-romerske riket måtte kjempa to krigar samstundes i vest og i aust. Medan soldatane kjempa i Den heilage ligaen i forsvaret av Wien, nytta Ludvig høvet, både før og etter slaget i Wien, til å annektere område som Luxembourg og Alsace. Biografen til Ezechiel du Mas, Comte de Melac illustrerer dei store øydeleggingane i store delar av Sør-Tyskland av Frankrike.

Plakett i den polske Congregatio Resurrectionis-kyrkja i Kahlenberg
Plakett til minne om 300-årsjubileet til slaget ved Wien.

Til ære for Sobieski reiste austerrikarane ei kyrkje på toppen av Kahlenberg, nord for Wien. Togruta frå Wien til Warszawa er òg kalla opp etter Sobieski. Stjernebiletet Scutum Sobieskii (Sobieskis skjold) vart kalla opp etter slaget.[14] Fordi Sobieski hadde overlate heile kongedømet sitt til å bli verna av Jomfru Maria (Vår frue av Czestochowa) før slaget, minna pave Innocent XI sigeren hans med å utvide festdagen for Jomfru Maria heilage namn, som fram til då berre hadde vorte feira i Spania og Kongedømet Napoli, til den universelle kyrkja. Han vert feria den 12. september.

Kulturell påverknad[endre | endre wikiteksten]

Etter slaget ved Wien vart det nyidentifiserte stjernebiletet Skjoldet opphavleg gjeve namnet Scutum Sobiescianum av astronomen Johannes Hevelius, til ære for Jan III Sobieski. Sjølv om det finst nokre få stjerner som ikkje er kalla opp etter astronomar, er dette det einaste stjernebiletet som opphavleg ikkje var kalla opp etter ein astronom.

Religiøs påverknad[endre | endre wikiteksten]

Festdagen for Jomfru Maria heilage namn vert feria den 12. september på den liturgiske kalenderen til den katolske kyrkja til minne om sigeren i dette slaget mellom det kristne Europa og dei muslimske styrkane frå Det osmanske riket.

Musikalsk påverknad[endre | endre wikiteksten]

Det vert sagt at då osmanarane vart pressa bort frå Wien, så forlet militærbanda instrumenta sine på slagmarka og at det var slik Det tysk-romerske riket (og dermed dei vestlege landa) fekk cymbalar, triangel og basstrommer.

Den austerrikske komponisten Johann Joseph Fux minna slaget i partitaen Turcaria, som hadde undertittelen «Eit musikalsk portrett om kringsetjinga av Wien av tyrkarane i 1683».[15]

Kulinarisk segner[endre | endre wikiteksten]

Fleire kulinariske segne er knytte til slaget ved Wien.

Ei segn er at croissanten vart oppfunnen i Wien, anten i 1683 eller under den tidlegare kringsetjinga i 1529, for å feire sigeren over osmanarane, der forma minnar om månesigden i det osmanske flagget. Denne versjonen av opphavet til croissanten vert støtta av faktumet av croissantane på fransk vert kalla Viennoiserie og at franskmennene meinte at det var Wien-fødde Marie Antoinette introduserte bakverket til Frankrike i 1770.

Ei anna segn frå Wien var at den første bagelen vart gjeven som ei gåve til kong Jan Sobieski til minne om sigeren til kongen over osmanarane det året. Han vart forma som ein stigbøyle, til minne om det polske kavaleriåtaket. Om denne segna er sann eller ikkje er usikkert, sidan det er ein referanse i 1610 til eit brød med liknande namn, som kan eller ikkje kan ha vore ein bagel.

Etter slaget oppdaga innbyggjarane i Wien mange sekkar med kaffi i den tomme osmanske leiren. Med dette lageret opna Franciszek Jerzy Kulczycki den tredje kaféen i Europa og den første i Wien,[16][17]. Her skal i følgje segnet Kulczycki sjølv ha hatt mjølk og honning for å gjere den bitre kaffien søtare, og slik fann opp cappuccino. Det er ingen historiske kjelder frå denne tida som knyt Marco d'Aviano, kapusinmunken og venen til Leopold I av Det tysk-romerske riket til denne tvilsame segna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Дмитро Дорошенко. Нарис історії України
  2. Йосип Шумлянський. ДУМА З 1686 РОКУ
  3. Date of Battle
  4. Omleiringa av Wien (Europa 1683) -- Britannica Onl
  5. Bruce, George (1981). Harbottle's Dictionary of Battles. Van Nostrand Reinhold. 
  6. Davies, Norman, God's Playground, a History of Poland: The origins to 1795, (Columbia University Press, 1982), 487.
  7. Exact Polish Order of Battle and Strength Reports as of 1. august 1683
  8. Det originale dokumentet vart øydelagd under andre verdskrigen. For tysk omsetjing, sjå her
  9. Palmer, Alan, The Decline and Fall of The Ottoman Empire, s.12, Published by Barnes & Noble Publishing, 1992. ISBN 1-56619-847-X
  10. 10,0 10,1 Bates, Brandon J. (2003). «The Beginning of the End: The Failure of the Siege of Vienna of 1683» (PDF). Brigham Young University. Arkivert frå originalen. Mal:Citation error. http://web.archive.org/web/20060822060754/http://writing.byu.edu/content/honors/contest/2003/batesbrandon.pdf. 
  11. Ripperton, Lisa. «The Siege of Vienna». The Baldwin Project. http://www.mainlesson.com/display.php?author=morris&book=german&story=Vienna. 
  12. «Duell im Dunkeln» (på German). 2DF. http://www.zdf.de/ZDFde/inhalt/23/0,1872,2392407,00.html. 
  13. «Letter from King Sobieski to his Wife». Letters from King Sobieski to his wife. University Of Gdansk, Department Cultural Studies Faculty of Philology. http://literat.ug.edu.pl/listys/095.htm. 
  14. Grzechnik, Slawek K.. «Hussaria – Polish Winged Cavalry». Arkivert frå originalen. Mal:Citation error. http://web.archive.org/web/20060615080826/http://home.san.rr.com/slawek/Tata/papers/Husaria-eng.html#Battle%20of%20Wien,%20Sep%2012,%201683. 
  15. Description of contents of album "Alla Turca"
  16. Pendergrast, Mark. Uncommon Grounds, s.10. Basic Books, 2000. ISBN 0-465-05467-6
  17. Millar, Simon. Wien 1683, s. 93. Osprey Publishing, 2008. ISBN 1-84603-231-8.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Wien