Franken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit landsbykapell i Franken
Våpenskjoldet til Franken
Franken i dag: Det meste høyrer til Bayern, medan mindre område høyrer til Baden-Württemberg, Thüringen og Hessen

Franken er ein region som no ligg i dei to tyske delstatane Bayern og Baden-Württemberg. Området var sete for dei saliske tysk-romerske keisarane, og vert rekna som eit av dei fem opphavlege kjernehertugdøma som utgjorde det gamle tyske rike. Området strekte seg langt nordover i Tyskland, austover inn i Austerrike og inn i Frankrike i ein periode. I løpet av mellomalderen og den tidlege moderne perioden kom mykje av det øvre Franken under erkebispedømet Bamberg, Würzburg og Fulda, særleg dei delane som hadde vore del av Thüringen.

Dei tre største byane i Franken er Nürnberg, Würzburg (begge i Bayern) og Heilbronn (Baden-Württemberg).

I 1803 annekterte Napoleon den søraustlege delen av Franken til Bayern, som vart opphøgd til eit kongerike, og områda høyrer framleis til Bayern. Kulturelt skil det seg til ein viss grad frå det eigentlege Bayern; til dømes er Franken overvegande protestantisk, medan Bayern elles er katolsk. Mange frankarar liker ikkje å kalle seg bayerar.

Den bayerske del av Franken er inndelt i tre administrative område:

Flagget til Franken er raudt og kvitt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]