Vilhelm III av England
| Vilhelm III | |
| Konge av England, Irland og Skottland | |
| Regjeringstid | 1689 - 1694 |
|---|---|
| Fødd | 14. november 1650 |
| Fødestad | Haag, Nederland |
| Død | 8. mars 1702 (51 år) |
| Dødsstad | England |
| Gift med | Maria II av England |
| Far | Vilhelm II |
| Mor | Maria av Oranien |
Vilhelm III (nederlandsk Willem, engelsk William) (14. november 1650–8. mars 1702) , òg kjend som Vilhelm av Oranien (Willem van Oranje-Nassau), statthaldar i Nederland frå 28. juni 1672, konge av England, Skottland og Irland frå 1689 til 1694.
Vilhelm III vart fødd i Haag som prins av Oranien og nevø av Karl II og Jakob II. Frå fødselen sin til 1667, og igjen frå 1672, var han statthaldaren til Nederland i strid med overklassa til landet. Ved invasjonen til Frankrike i 1672 fekk han endeleg leiinga av Nederland og vart livet igjennom verande ein skarp motstandar av Ludvig 14. og den franske stormaktspolitikken. Frå 1677 var han gift med, og regjerte seinare i England saman med dotter til Jakob II, Maria. Han var protestant, og vart av den engelske opposisjonen oppfordra til å overta makta frå den katolske Jakob II.
Han gjekk i land i England han 5. november 1688 med ein nederlandsk hær, men Jakob flykta utan kamp. Før dei overtok regjeringa måtte Vilhelm og Maria underskrive ein historisk avtale om rettar; «Bill of Rights» som sikra makta til parlamentet. Vilhelm overheldt stort sett løfta, men hadde likevel til tider stor innverknad over utanrikspolitiske spurnader. Forutan nederlandske rådgjevarar støtta han seg på ein krets av relativt lojale engelske adelege, mellom andre hertugen av Marlborough, Lord Shrewsbury og Lord Godolphin. Utan å bli spesielt populær i England oppnådde han respekt ved den faste protestantiske haldninga si.
I regjeringstida si støtta Vilhelm heilhjarta kampen mot Frankrike og førde krig i Irland 1690 for å hindre invasjonsforsøket til eks-kong Jakob. I 1702 organiserte han med aksepten til Parlamentet ein koalisjon mot Frankrike som førde til den spanske arvefølgjekrigen, men døydde etter eit rideuhell før krigen var kome i gang.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Vilhelm III av England» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mai 2011.
| Føregjengar Jakob II av England |
Konge av England, Skottland og Irland 1689–1702 |
Etterfylgjar Anne av Storbritannia |