Johan Henrik Frøstrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johan Henrik Kintzell Frøstrup (11. desember 185220. mai 1929) var ein jurist, embetsmann, stortingsrepresentant og ordførar i Arendal.

Frøstrup var fødd i Barbu, far hans var fut. Han vart student i 1870 og cand. jur. i 1874. Han var deretter fullmektig hos sorenskrivar, frå 1877 var han overrettssakførar i Arendal. Fram til 1902 dreiv han sakførarpraksisen, sidan var han byfut i Skien.

Han var ordførar i Arendal frå 1899-1901. Styreformann i Arendals sjøforsikringsselskap og i representantskapet for Nedenes sparebank.

Perioden 1900-03 var Frøstrup stortingsrepresentant for Høgre frå valkrinsen Arendal og Grimstad. På Stortinget var han medlem av justiskomiteen og sekretær i sjødugleikskomiteen.

Frøstrup vart gravlagd på Gjerpen kyrkjegard.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914