Johan Sigmundstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Sigmundstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. januar 1874
Død

30. november 1909 (35 år)

Yrke skribent

Lars Johan Svensen Sigmundstad (20. januar 187430. november 1909) var ein norsk forfattar frå Fister i Ryfylke. Han var bondeson og yngst av seks sysken. Far hans, Sven Svenson Sigmundstad var ordførar i kommunen, medan mora var dotter til ein stortingsmann og i slekt med Ludvig Holberg.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Under eit folkehøgskuleopphald i Sandnes oppdaga rektoren Christopher Bruun at Sigmundstad hadde gode litterære evner. Bruun oppfordra han til å skriva, og guten fylgde rådet hans. Då han mot viljen til faren ville ikkje ta over farsgarden, reiste han til Sambandsstatane etter tida i Sandnes. Han budde hjå slektningar i USA, men mistreivst og kom heim att etter nokre månader. Etter opphaldet utanlands utvikla han tendensar til både forfylgingsvanvit og hypokondri og var ei stund innlagt på sjukehus i Kristiansand. Ei tid budde han også i Oslo og skreiv i Morgenposten.

Sigmundstad tok kontakt med Arne Garborg for å få tilbakemelding på skrivinga si, og sendte han m.a. forteljinga Frelst. Garborg skreiv fylgjande om forteljinga: Den trur eg folk vil like; ho er greidt og godt fortalt. De hev gode forteljargaavur. Sigmundstad reindyrka motivet, og gav forteljinga ut i bokform i 1903 under pseudonymet Jon Svartaasen. Ho omhandla skuggesider ved religiøse krinsar på Vestlandet, og kan soleis minna om Fred av Garborg. Religiøst hykleri vart eit tema som gjentok seg i fleire av bøkene til Sigmundstad.

Guds Finger - ? kom ut i 1909, skreiv Rygja Tidend fylgjande i ein bokomtale: «Guds Finger - ?» er ei forteljing som soknar djupt. Det er ei uvanleg sterk soga, so sterk at ho ofte vert stygg. Det er av di Sigmundstad ikkje vil løyna noko, men syner bilætet fram som det er, baade innsida og utsida. Denne forteljingi um Jakob er vel helst for stutt til eit slikt svært emne. Boki er berre 82 sidor. Men paa mange stader er ho godt fortald.

Sigmundstad levde som ugift, og ville helst sletta alle spor etter seg sjølv. Trass i gode bokomtalar, bad han mora brenna alt han hadde skrive, samt alle bileta av seg sjølv. Det siste bokmanuset me har etter han, er frå 1909. Han døydde av ein nyresjukdom, men det er litt usemje om dødsåret. Både i bygdebøker for Hjelmeland og i Johan Sigmundstad : ein forfattarprofil av Jonas Berge, står det at Sigmundstad døydde 30. november 1909. Martin Nag skriv derimot i boka Ryfylke-dikteren Johan Sigmundstad foran en renessanse? at han døydde 30. november 1910, og det same står i kyrkjeboka for Fister kyrkje.

Han vart gravlagt på Fister kyrkjegard, der det i dag er plassert ei minneplate av han.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Litteratur og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]