John Rymill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

John Riddoch Rymill (13. mars 19057. september 1968) var ein australsk polfarar, som fekk den sjeldne polarmedaljen med to haker.

Rymill førebudde seg på polreisene med fjellklatring i Europa og tok flytimar ved de Havilland Aircraft Co. Ltd, Hendon og kurs ved Scott Polar Research Institute ved Cambridge, under professor Frank Debenham. I 1931 vart han utpeikt til British Arctic Air Route Expedition til Grønland (1930–31) som landmålar og pilot. Som følgje av dette sette Rymill i gang ein ekspedisjon til det sørlege Graham Land og Weddellhavet i Antarktis. Ekspedisjonen hans, British Graham Land Expedition (1934–37)[1], oppdaga eit sørleg, permanent isdekt sund, seinare kalla George VI Sound, som strekte seg til Bellingshausenhavet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «British Graham Land Expedition, 1934-37». Scott Polar Research Institute. http://www.spri.cam.ac.uk/resources/expeditions/bgl/. Henta 21. oktober 2012. 
  2. Béchervaise, John (1988). «Rymill, John Riddoch (1905 - 1968)». Australian Dictionary of Biography. Canberra: Australian National University.