Josef Terboven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Josef Terboven

Josef Antonius Heinrich Terboven (23. mai 18988. mai 1945) var ein tysk administrator. Han var fødd i Essen i Tyskland.

Terboven er mest kjend for ha vore Reichskommissar für die besetzten norwegischen Gebiete (Rikskommisær for dei hærsette norske områda) under den andre verdskrigen frå 24. april 1940 til 7. mai 1945. I denne stillinga gjorde Terboven bruk av Vidkun Quisling og partiet Nasjonal Samling. Terboven hadde berre Adolf Hitler over seg og hadde i røynda diktatorisk mynde i Noreg.

Han var ansvarleg for den tyske administrasjonen av Noreg under krigen. Han stod bak unntakstilstanden i Oslo i 1941 og i Trondheim i 1942. Det var Terboven som gav ordre om å øydeleggja Tælavåg og skyta 18 unge englandsfararar.

Samla vurdert kan ein seia at Terboven var oppteken av å oppretthalda ro og orden i Noreg. For å oppnå dette vart det teke i bruk avskrekkjande straffemetodar. Om ein trass i dette samanliknar med tysk okkupasjon av til dømes område i Sovjetunionen og Jugoslavia kan ein seia at okkupasjonen av Noreg var mild.

Då freden kom i mai 1945 tok han livet av seg i ein bunker på Skaugum. Terboven hadde budd på Skaugum sidan juni 1940.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Nøkleby, Berit 1992: Josef Terboven : Hitlers mann i Norge. Oslo : Gyldendal, 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]