Kaçkarfjella
Kaçkarfjella (tyrkisk Kaçkar Dağları) eller berre Kaçkarlar er ei fjellkjede som stig opp frå Svartehavskysten aust i Tyrkia.
Det høgaste fjellet i kjeda er Kaçkar Dağı med ei høgd på 3937 meter over havet, og fjellplatåa i kjeda ligg kring 3000 meter over havet. Fjellkjeda er den høgaste delen av Dei pontiske fjella. Kaçkarlar er dekka av isbrear og har ein alpin karakter med bratte fjellsider og mange fjellvatn. Området vart gjort til nasjonalpark i 1994. I parken vert det drive fjellturar, camping, fjellklatring og i stadig aukande grad heliskiing.[1][2]
Innhaldsliste |
Geografi og etymologi [endre]
Namnet Kaçkar (frå armensk khachkar (Խաչքար)[3] tyder steinkross[4]) og kan vise til fleire ting. Det kan syne til heile fjellkjeda, inkludert dei mange fjellgruppene, eller det kan syne til Kaçkar-Kavron-gruppa med det høgaste fjellet, eller kanskje berre sjølve fjelltopen. Det lokale namnet på det høgaste fjellet er Kaçkar Dağı og tyder Kaçkarfjellet, og namnet på fjellkjeda Kaçkar Dağları tyder Kaçkarfjella.
I sør og aust grensar Kaçkarfjella til Çoruhdalen og i nord til kysten av Svartehavet.
Fjellgrupper [endre]
- Altıparmakgruppa
- Kavron (eller Kaçkar-Kavron)
- Verçenikgruppa
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kaçkar Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 8. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tunç Fındık (2001) Kaçkar Dağları, Homer Kitabevi, Istanbul. ISBN 975-8293-18-4
- ↑ «Mt. Kackar to be monitored» (på engelsk). Turkish Daily News. (National ed.) (ProQuest LLC): s. 1.
- ↑ Hadik, Jancsi. «First Tracks». Skiing (Bonnier Corporation) 58: 28. ISSN 0037-6264.
- ↑ Marc Dubin; Enver Lucas (1989). Trekking in Turkey. Lonely Planet. s. 125. ISBN 0-86442-037-4.
- ↑ Robert H. Hewsen. Armenia: A Historical Atlas. — University of Chicago Press, 2001. — 341 s. — ISBN 0-226-33228-4, ISBN 978-0-226-33228-4. P.212. "River between the port of Atina (now Pazar) on the coast and the great inland peak called Kajkar (Arm. Khach'k'ar) Dagh 'Cross-stone Mountain'"