Karlstads universitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Koordinatar: 59°24′20″N 13°34′55″E

Karlstads universitet
Karlstads universitet.JPG
Motto Sapere aude[1]
Grunnlagt 1999[2]
Rektor Kerstin Norén
Stad Karlstad og Arvika
Medlemskap EUA
Karlstad universitet, nedre plan i 1-huset.
Karlstads universitetsbibliotek

Karlstads universitet (KAU) er eit statleg universitet i Karlstad i Sverige. Universitetet vart oppretta den 1. januar 1999 då den tidegare Högskolan i Karlstad vart tildelt universitetsstatus. Høgskulen var opphavleg ein filial av Göteborgs universitet.[3] Universitetet har om lag 50 utdanningsprogram, 20 påbyggingsprogram og 900 kurs innanfor områda humaniora, samfunnsvitskap, naturvitskap, teknikk, undervising, helse og musikk. Musikhögskolan Ingesund i Arvika er sidan 2002 ein del av universitetet og er den einaste avdelinga som ikkje ligg i Karlstad.

Frå 2006 er universitetet inndelt i fire fakultet:

  • Fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT
  • Fakultetet for teknikk- og naturvitenskap
  • Fakultetet for samfunns- og livsvitenskap
  • Estetisk-filosofisk fakultet

Sidan 26. mars 2009 har økonomifakultetet også hatt namnet Handelshögskolan vid Karlstads universitet og Karlstad Business School.[4]

Internasjonalisering av utdanning og forsking er eit viktig område ved Karlstads universitet. I år 2006 vart lærestaden Sverige sitt fyrste ECTS-akkrediterte læresete.[5]

Det nye biblioteket stod klart i januar 2002.[6] Etter det har universitetsområdet vakse ytterlegare med eit nytt bygg for teknikk og naturvitskap, som vart innvigd i september 2008.[7]

Ved universitetet finst det fleire studentforeningar, Karlstads universitets Idrottsförening (KAUIF) og to aktive kor, Sällskapet CMB og Söt Likör. Der finst eit studentbustadsområde nær universitetet. Det heiter Campus Futurum.

Fakultet[endre | endre wikiteksten]

  • Fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT
  • Fakultetet for teknikk- og naturvitskap
  • Fakultetet for samfunns- og livsvitskap
  • Estetisk-filosofisk fakultet

Fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT[endre | endre wikiteksten]

Fakultetet har fem program på grunnivå. Kvart program omfattar 180 høgskulepoeng eller tre års heiltidsstudiar: Økonomi, fastighetsekonomi, matematikkøkonomi, turisme og IT-design retta mot forretningssystem og økonomi. I tillegg finst der fleire påbyggingsprogram på avansert nivå - eit år for magister-eksamen og to år for master-eksamen.

I dag har fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT nær 2 000 heilårsstudentar, 58 doktorandar og 15 professorar.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Økonomutdanninga i Karlstad starta på slutten av 1960-talet ved lærestaden som då var ein filial av Göteborgs universitet. På den tida las ein grunnkursa i Karlstad for så å halde fram og avslutte utdanninga si i Gøteborg. Verksemda vart suksessivt utvida, og ti år seinare kunne ein ta heile utdanninga og få eksamen frå Høgskulen i Karlstad.

På 1970- og 1980-talet ekspanderte økonomiutdanningane i Sverige og òg i Karlstad. På forskingssida valde Høgskulan i Karlstad å samle kreftene kring tensteforsking og skapte i 1986 Centrum för Tjänsteforskning, eller CTF.

Det var òg på 1990-talet visjonen om at Høgskulen i Karlstad skulle bli universitet vart utvikla vidare. Karlstadsmodellen for forsking vart etablert og gjesteprofessorer vart knytt til dei ulike forskingsfelta. Doktorgradsstudentar fekk si utdanning i Karlstad gjennom samarbeid med svenske og utanlandske universitet.

Rektorar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Foreningar og kor[endre | endre wikiteksten]

Studentkoret ved Karlstad universitet heiter Karlstads studentkår. Ved Karlstads universitet finst det ikkje nasjonar, men det er studentforeningane som tar hand om nasjonane sine oppgåver. Dei foreningane som er og har vore aktive ved universitetet er:

Farge Program Foreningsnamn
Aprikos Bygg-, maskin- och elektroingenjörsprogrammen Bamse (Bygg Alla Maskinare Samt Elektro)
Lyseblå rock og lyseblå bokser og òg mørkeblå rock Sjuksköterske- och tandhygienistprogrammen CURA (Caring, Understanding, Respect och Affection)
Lysegrønn Matematikekonomiprogrammet Emma
Kvite bokser med svart rand Innovationsdesign och Teknik Idiot (Intresseföreningen för Design, Innovation och Teknik)
Ingen (Dei skippar overallen) Informationsprogrammet och kurser inom Medie- och Kommunikationsvetenskap (MKV) Inferno
Babyblå Gamla Systemvetenskap Kapsyl
Rosa Ekonomiprogrammet KarlEkon (Karlstad Ekonomistuderandes Förening)
Svart Det Gamla Energi-Installation eller Miljö programmen Kain (Karlstad installtioningeniörer)
Mørkegrønn Biomedicinsk analytiker- samt bioteknikerprogrammet Kebab
Beige / brun Biologi, kemi, fysik, matematik, geovetenskap och miljövetenskap KNAS (Karlstad NAturvetar Studenter)
Turkis Medier och kommunikation - Visuell kommunikation och design eller Globala medier. Samt fristående inom Medie- och kommunikationsvetenskap (MKV) KRAMA - Kommunikation Räcker Armarna Mot Alla.
Orange Kulturvetareprogrammet Kulting
Vinraud Civilingenjör IT, Dataingenjör, IT design samt Webb & Multimedia. LINDA (LINjeförening för DAtavetare)
Raud Lärarprogrammet LÄSK (LÄrar Studerande i Karlstad)
Babyblå trøye som fadder Fastighetsekonomprogrammet Mexika
Mørkeblå Det gamla Multimediaprogrammet Mysko (MultimediaYrkestudenter I Karlstads Området)
Mørkegrønn trøye som fadder Miljövetenskapligt program (samt eventuella övriga naturområden) MiNK (Miljö, Natur I Karlstad)
Grå GIS-ingenjörsprogrammet LiGISt (LIinjeföreningen för GIS-ingenjörer vid Karlstads Universitet)
Lilla bokser Personal- och organisationsteoriprogrammet och sociala omsorgsprogrammet Pelikan
Gul labrock Civilingenjörer och kemiingenjörer i kemiteknik SEKE - SEktionen för KEmiteknik (samanslått med CINK, sjå nedafar)
Svart m gult Civilingenjörer Bred Ingång SEKE - Civilingenjörerna Karlstad (gamla SEKE+CINK)
Mørkeblå og/eller Hestens mössa (Blå og kvit) Socionom- och Sociala omsorgsprogrammet Sova
Kvit Politices magisterprogrammet (statsvetenskap, nationalekonomi eller rättsvetenskap) SVIK (StatsVetare I Karlstad)
Blå Turismprogrammet Ture (Turismen)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referenser[endre | endre wikiteksten]

  1. Grafisk Profil. Karlstads Universitet.
  2. http://www.kau.se/omuniversitetet/historia.lasso
  3. Meyer-Lie, Anita; Per Berggren (November 1999) (på Svensk), Karlstads Fasader, Karlstad: Berggren&Meyer-Lie, ISBN 91-973720-0-5 
  4. http://www.student.kau.se/aktuellt/artiklar/artikeldetalj.lasso?artID=6337
  5. Internationellt arbete, Karlstads universitet, http://www.kau.se/omuniversitetet/internationellt/index.lasso, henta 2008-07-06 
  6. Ett modernt universitetsbibliotek, Karlstads universitet, http://www.kau.se/omuniversitetet/bibhus/, henta 2008-02-08 
  7. Hus 21, Karlstads universitet, http://www.kau.se/corral/intra.lasso?page_id=529, henta 2008-07-06 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karlstads universitet

Fakultet: