Arvika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°39′30.157″N 12°35′0.47760″E

Arvikas byvåpen

Arvika er ein svensk by i Värmlands län i landskapet Värmland. Den er administrasjonssenter for Arvika kommun. Byen fekk bystatus i 1911.


Geografi[endre | endre wikiteksten]

Arvika ligg søraust for Oslo, omtrent midtveges mellom Kongsvinger og Karlstad. Tettstaden Arvika (14 116 innbyggjarar, 2004) er stasjonsby på jarnbana mellom Oslo og Stockholm.

Avstandar: Stockholm: ca 400 kilometer, Oslo: ca 150 kilometer (via Bjørkelangen), eller ca 180 kilometer (hovedvegen via Kongsvinger), Riksgrensen: ca 50 kilometer, Kongsvinger: 80 kilometer, Karlstad: 70 kilometer.

Flaumsituasjonen[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden Arvika ligg ved Kyrkviken, ein del av Glafsfjorden og vassdraget Byälven. Arvika er den inste hamna i Sverige, og har via slusene i Säffle (ned til Vänern) og Trollhätte kanal til Göta älv vassamband med Göteborg. Det gjekk tankbåtar til Arvika heilt til 1993.

Vassdraget Byälven omfattar store delar av kommunane Arvika og Eda i Sverige, og Eidskog i Noreg. Vasskapasiteten nedstraums frå Glafsfjorden til Säffle er avgrensa, og Glafsfjorden er dermed utsett for variasjonar i vassivået. Glafsfjorden har normalt ein vasstand på 45,74 meter over havet. I november 2000 førde store regnmengder til at vasstanden i Byälven auka med opptil 10 centimeter per døgn. Den 30. november 2000 vart det notert eit vassivå i Glafsfjorden på 48,88 meter over havet, som tilsvarar 3,14 meter over det normale. Flaumen medførde store materielle skadar i Arvika.

I november og desember 2006 var det ein ny og mindre flaum i vassdraget. Den 17. og 18. desember 2006 vart vassivået i Glafsfjorden notert til 47,43 meter over havet, 1,69 meter høgare enn normalt. Det vart sett opp mobile flaumbarrierer. Det oppstod ingen skadar i det sentrale Arvika, men einskilde skadar på eigedomar rundt Glafsfjorden.

Arvika kommune har utreda og avgjorde å byggje ein flaumsikring i det smale sundet mellom Kyrkviken og resten av Glafsfjorden. Flaumsikringa vil bestå av permanente jordvollar og ein betongdam av element som blir løfta på plass i sjølve sundet ved behov. Demninga vil verne tettstaden Arvika og resten av busetnaden rundt Kyrkviken. Ein del rørde naboar har klaga prosjektet inn til den svensken Miljödomstolen, og våren 2007 avventer ein resultatet av denne handsaminga. Det blir òg arbeidt med andre prosjekt for å auke vassgjennomstrøyminga og dermed minske flaumskadane, mellom anna å rydde vegetasjonen (siv) i Byälven og ei ombygging av slusene i Säffle.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Arvika er kjend for eit rikt kulturliv, sjølv om staden ikkje er særleg stor. Byen har fleire galleri og musum, med Rackstadmuseet som det mest kjende. I Arvika ligg Musikhögskolan Ingesund, ein av seks musikkhøgskular i Sverige. Det blir det arrangert òg fleire musikkfestivaler i Arvika kvar sommar, blant dei jazzfestivalen Jözzejassen, og dessutan Arvikafestivalen med fokus på rock og elektronika.

Dansebandet Vikingarna kom opphavleg frå Arvika, og valde byen som åstad for den aller siste konserten sin, 3. juli 2004.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Som mange svenske tettstader, har Arvika opplevt nedlegging av storindustri. I byen har det vore både kjøleskapsfabrikk og tobakksfabrikk. Eit EU-støtta omstillingsprosjekt har skapt nytt liv i den 18 000 kvadratmeter store nedlagde tobakksfabrikken, som no husar 45 større og mindre verksemder med over 300 tilsette og eit utdanningssenter med over 500 studentar. Kjøleskapsfabrikken er overteke av føretaket Coffee Queen, som produserer kaffetraktarar og kaffeautomatar. Ein annan stor aktør er varmepumpeprodusenten Thermia, som i 2005 vart oppkjøpt av det danske konsernet Danfoss. ikkje langt frå tettstaden Glava har den norske solcelleprodusanten Renewable Energy Corporation (REC) bygd ein fabrikk for montasje av solcellepanel.

Det produserast framleis tobakkvarer i Arvika. Ei lita verksemd i den gamle tobakksfabrikken produserer tyggetobakk, og på industriområdet Vik har lokale kreftar bygd opp snusprodusanten Rockar. Rockar Production AB blei i oktober 2006 kjøpt opp av det multinasjonale tobakkskonsernet Phillip Morris International, som ynskte seg inn på marknaden for snus – der konsernet Swedish Match med sine mange merkevarer har dominert totalt med 99 prosent av det svenske marknaden.

Største arbeidsgiver i Arvika er Volvo Wheel Loaders AB Arvikaverken, med om lag 1100 tilsette, som produserer hjullasterar.

I Klässbol ligg Klässbols Linneväverier, eit veveri som mellom anna leverer dukar til nobelprismiddagen, fleire kongehus, og dessutan både svenske og norske ambassadar.

For få tiår sidan var Arvika ein viktig grensehandelsby, ei rolle som i vesentleg grad er overteke av Charlottenberg i Eda kommune etter at sistnemnde fekk eige utsal av det svenske vinmonopolet Systembolaget. Charlottenberg ligg vesentleg nærare riksgrensen (ei dryg halvmil frå Morokulien). Arvika kommune har valt å satse på sentrum, og har fram til no vore negative til etableringar av kjøpesenter. Det er såleis enn så lenge ingen ordinære kjøpesenter i Arvika, og det meste av handel skjer i sentrum av Arvika. I Palmviken har Ica og Konsum eit felles anlegg med kvar sine store matvarebutikkar.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Arvikaområdet har mange sjøar, fleire naturreservat og milevis med vandrings- og kanoruter. Utover naturen er kulturen Arvikas største trekkplastra, og byen blir gjesta kvart år av eit stort mengd kultur- og musikkinteresserte. Arvikafestivalen er det største arrangementet med opptil 16 500 selde billettar (2006).

Rackstadmuseet viser kunst frå medlemmane i Rackstadkolonien, ei gruppe svenske kunstnarar som samla seg i Arvika etter førre hundreårskifte. Køyretøysmuseet Arvika Fordonsmuseum har samla 200 år med køyretøy (med hovudvekt på bilar og motorsyklar). Kvart år blir det i Brunskog arrangert ein «slik-var-det-i-gamle-dagar-festival» kalla Gammelvala (den gamle verda), der det i ein veke blir utført handverk og handel som for 150 år sidan. Klässbols Linneväverier er òg eit ynda utfartsmål.

Kjende personar frå Arvika[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]