Katarina II av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Katarina II
Екатерина II
Levitzky Portrait Catherine II 1782.jpg
Tsarina av Russland
Regjeringstid 28. juni 1762-6. november 1796
Fødd 21. april 1729 i Stettin
Død 6. november 1796
Føregjengar Peter III
Gift med Peter III av Russland
Born Tsar Paul I av Russland (1754-1801

Katarina II av Russland (21. april 17296. november 1796)(juliansk kalender)), russisk namn Екатерина II Алексеевна: Yekaterína II Alekséyevna (Jekaterína II Alekséyevna), var regjerande tsarina av Russland. Ho er vanlegvis kjend som Katarina den store.

Russisk 100-rubelsetel frå 1910, bakside med portrett av herskaren Katarina.

Katarina regjerte over Russland frå 28. juni 1762 til ho døydde i 1796. Ho var syskenborn til kong Gustav III av Sverige og til Karl XIII av Sverige (Karl II av Noreg). Katarina var dotter til Kristian August av Anhalt-Zerbst og Johanna Elisabeth av Holstein-Gottorp.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Ho vart fødd som tysk prinsesse i Stettin, dagens Szczecin, og gjeven namnet Sophie Augusta Fredericka, med kjælenamnet Figchen. Femten år gamal, i 1744, blei ho utpeika av tsarina Elisabeth til å gifta seg med den utvalde etterfølgjaren hennar, nevøen Karl Peter Ulrik av Holstein-Gottorp. Dei vart gifte i 1745. Prinsessa tok den ortodokse trua og namnet Jekaterina, men ekteskapet vart ikkje særleg vellukka. Katarina skal ha vore utru mot mannen, og gjorde seg til venns med grupper som stod mot han.

Tsar og tsarina[endre | endre wikiteksten]

Peter blei tsar i 1762, men hadde ein politikk og ein oppførsel som førte til fiendskap frå dei same gruppene Katatarina var alliert med. Grigorij Orlov, elskaren til Katarina, sytte for at ho blei utropt til tsarina etter at Peter døydde den 17. juli det året, før han hadde sete eit halvt år på trona. Det er blitt spekulert i om Peter blei drepen og om Katarina i så fall var involvert i drapet, men ingenting av dette er blitt prova.

Opplyst einevelde[endre | endre wikiteksten]

Katarina las mykje og var interessert i tankane i samtida og brevveksla med fleire kjende tenkjarar, mellom anna Voltaire og Diderot. Ho gjorde mykje for å «vestleggjera» Russland, men til forskjell frå Peter den store brukte ho ikkje makt for å oppnå dette. Ho lausna på økonomistyring og sensur for å oppmuntra eit moderne samfunn. Tsarinaa oppmuntra òg dei øvste samfunnslaga til å utdanna seg sjølve. Men medan ho gav dei arvelege fleire rettar, gjorde ho dei liveigne meir bundne.

Etter at Katarina kom til makta laga ho ein plan for å omforma lovane etter inspirasjon frå Beccaria og Montesquieu. Ho oppretta òg ein lovgjevande kommisjon med representantar frå alle samfunnsklassane, bortsett frå dei liveigne, som skulle laga lovar som følgde dei nye prinsippa. Deretter ombestemte tsarinaa seg, og oppløyste kommisjonen før han hadde gjort noko arbeid. Kanskje var ho blitt meir konservativ som følgje av kosakkopprøret i 1773-74.

I staden omorganiserte tsarinaa administrasjonen av provinsane, der ho gav staten sterkare kontroll over landlege område. Denne prosessen var ferdig i 1775. I 1785 gav så Katerina dei adelege full makt over landområda sine og dei liveigne som budde der; ho frigjorde dei òg frå statsteneste og skattar, og gjorde adelege titlar og status arvelege.

Stormakt[endre | endre wikiteksten]

Under Katarina auka Russland makta si i Aust-Europa og Midtausten. Størstedelen av Polen blei russisk område etter at Russland, Austerrike og Preussen delte det mellom seg i 1772, 1793 og 1795. Ho kriga mot Det osmanske riket frå 1768 til 1774, og prøvde å fordela landområde med andre europeiske makter på same måte som var blitt gjort med Polen, men med mindre suksess. Under tsarinaa blei Krimregionen annektert av Russland i 1783, berre ni år etter at det hadde fått sjølvstende frå osmanarane på grunn av krigen ho då hadde ført mot dei. I 1787 gjekk osmanarane til krig mot Russland att. Denne tok slutt i 1792, og enda med Jassy-avtalen, som gav Russland legitim rett til Krim-området.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Katarina den store hadde ein son, Paul, men likte barnebarna sine betre enn sonen. Paul var offisielt sonen til Peter III, og etterfølgde mora på trona, men kan òg ha vore son av ein av elskarane hennar. Tsarinaa er kjend for å ha hatt forhold til fleire menn, og blei etter kvart skildra som så sex-galen at ho døydde under eit mislukka forsøk på å ha kjønnsleg omgang med ein hest. Dette er langt frå sanninga; tsarinaa fekk slag medan ho sat innandørs, og døydde seinare av dette utan å koma til medvit. Det er sant at ho hadde ei rekkje elskarar, og ho fekk òg innreidd eit rom dekorert og møblert med svært grafiske framstillingar av ulike former for kjønnslege aktivitetar.

Det dårlege ryktet til Katarina kan truleg forklarast med at ho var kvinne. Medan det var akseptert av mannlege statsoverhovud turte fram på same vis som henne, var det uhøyrt at ei regjerande kvinne skulle gjera det.


Katarina innførte vaksinasjon til Russland, og gjekk føre som eit godt eksempel ved å vera den første som lét seg vaksinera.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Katarina II av Russland

Litteratur[endre | endre wikiteksten]