Karl II av Noreg
| Karl XIII Karl II |
|
| Konge av Sverige og Noreg | |
| Regjeringstid | 6. juni 1809 (Sverige) 4. november 1814 (Noreg)-5. februar 1818 |
|---|---|
| Valspråk | Folkets väl min högsta lag Folkets Vel min høyeste Lov |
| Fødd | 7. oktober 1748 |
| Død | 5. februar 1818 ( 69 år) |
| Føregjengar | Sverige Gustav IV Adolf Noreg Christian Frederik |
| Gift med | Hedvig Elisabet Charlotta av Oldenburg |
Karl II, (7. oktober 1748–5. februar 1818), konge av Noreg frå 1814 og av Sverige frå 1809 under namnet Karl XIII. Son av Adolf Fredrik av Sverige og Lovisa Ulrika av Preussen, bror til kong Gustav III av Sverige, syskenborn av Katarina II av Russland. Gift 7. juli 1774 med syskenbarnet Hedvig Elisabet Charlotta av Oldenburg.
Born i ekteskapet:
- Karl Adolf, hertug av Värmland, fødd 3. juli 1798, død 10. juli 1798
Born med Augusta Fersen:
Adoptivsøner:
- Kristian August av Holstein-Sonderburg-Augustenburg (1768-1810)
- Karl III Johan (1763-1844), konge av Sverige og konge av Noreg frå 1818 til 1844
Regjeringstid [endre]
Etterforskinga av mordet på Gustav III vart i hovudsak avslutta då Karl sitt namn byrja å dukka opp mellom dei samansvorne. Trass i dette er det tvilsamt om Karl XIII tykte det var noko særleg kjekt å vera konge. Mordet på broren Gustav III var ikkje opplyftande for Sverige. Sonen til Gustav, Gustav IV Adolf, si regjeringstid innebar mellom anna tap av Finland og Pommern. Då brorsonen Gustav IV Adolf vart kasta ut av Sverige med brutale metodar, fekk Karl XIII styra i namnet. Han måtte adoptera den unge danske prinsen og førre leiaren for den norske regjeringskommisjonen, Kristian August, som døydde i 1810 av noko som somme påstod var forgifting.
I samband med gravferda gjennom Gamla Stan vart riksmarskalken Axel von Fersen myrda på Riddarhustorget. Han vart skulda for å ha forgifta den nye kronprinsen, som i Sverige tok namnet Karl August. Seinare reiste grev Carl Otto Mörner til Frankrike og utropa den franske feltmarskalken Jean Baptiste Bernadotte til svensk kronprins. Karl XIII skal ha vore tvilande til å gjera ein advokatson frå Pau til adoptivson og kronprins.
Då så Karl XIII overlét styringa til adoptivsonen, kan det vera at han var glad for å sleppa vekk frå styringsansvaret.