Erciyes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 38°31′12″N 35°28′48″E
Erciyes
vulkan
none  Erciyes sett frå Kappadokia i vest.
Erciyes sett frå Kappadokia i vest.
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
høgd 3 916 moh
skardhøgd 2 419 m
koordinatar 38°31′12″N 35°28′48″E
type Stratovulkan
siste utbrot 6880 fvt. ± 40 år[1]
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Erciyes (tyrkisk Erciyes Dağı; frå gammalgresk Ἀργαῖος Argaeos; latinsk Argaeus) er ein massiv stratovulkan kring 25 km til sør for Kayseri i Tyrkia.

Erciyes er det høgaste fjellet i Sentral-Anatolia med ei høgd på 3916 meter over havet. Det vert rekna som det høgaste fjellet i Anti-Taurus-fjella, ei nordaustleg forlenging av Taurusfjella i sør, og høyrer til Det alpide beltet i Eurasia.[2]

Vulkanen er kraftig erodert, men kan ha hatt utbrot så nyleg som 253 fvt., som kan ha vore synt mytar frå romartida.[3]

Strabon kalla fjellet Argaeus (Ἀργαῖος); han skreiv at toppen aldri var fri for snø og at dei få som hadde vore på toppen kunne sjå både Svartehavet i nord og Middelhavet i sør på klåre dagar.[4]

Den første dokumenterte klatringa av fjellet vart gjort av William John Hamilton i 1837.

Det er vintersportfasilitetar i fjellet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Erciyes