Kerstin Ekman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kerstin Ekman

Statsborgarskap Sverige
Fødd 27. august 1933 (90 år)
Finspångs kommun
Yrke skribent
Sjanger Kriminalroman
Medlem av Svenska Akademien, Samfundet De Nio
Kerstin Ekman på Commons

Kerstin Lillemor Ekman, kjend som Kerstin Ekman, (fødd Hjorth, (fødd 27. august 1933) i Risinge i Östergötland) er ein svensk forfattar.

Ho har skrive fleire populære detektivromaner, som De tre små mästarna og Dödsklockan, men gjekk seinare over til psykologiske og sosiale tema. Blant dei mest omtykte bøkene hennar er Vallmsta-sviten, (1974-83), Händelser vid vatten (1993) og Vargskinnet-trilogien (1999-2003). Dei fire siste bøkene er presise skildringar av samtid og nær fortid i utkantbygdene i Jämtland.

I 1994 blei Ekman tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Händelser vid vatten

Ho er medlem av Svenska Akademien frå 1978 då ho etterfylgde Harry Martinson på stol nr 15. Sidan Salman Rushdie-saka i 1989, som ho tykte Svenska Akademien reagerte for veikt i, ser ho ikkje lenger seg sjølv som medlem, men reglane i akademiet seier at ho vil vera eit passivt medlem til ho døyr.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]