Salman Rushdie
Salman Rushdie (fødd 19. juni 1947) er ein forfattar av romanar og noveller, kjend for fantastisk handling frå det indiske subkontinentet.
Verka hans er i grenselandet mellom ulike retningar som magisk realisme, postmodernisme og postkolonialisme. Han brukar språket levande, utfordrande og leikande, og eksperimenterer blant anna ved å blande engelsk med uttrykk frå andre språk, særleg urdu og hindi.
Rushdie er ein kontroversiell forfattar, særleg på grunn av boka Sataniske vers, der det blir antyda i ei draumescene at somme av versa i Koranen kan vere skrivne av djevelen. Dette førte til at den iranske leiaren Khomeini sende ut ein fatwa med dødsdom for blasfemi mot Rushdie.
Innhaldsliste |
Liv [endre]
Rushdie vart fødd og voks opp i Bombay i India der han voks opp, men fekk den høgare utdanninga si i England, der han mellom anna studerte historie ved King's College i Cambridge.
Rushdie har sidan fatwaen levd i eksil og under jorda i Storbritannia og seinare USA. Han har vore gift og skild fire gonger, med Clarissa Luard (1976 til 1987, fekk sonen Zafar saman), med den amerikanske forfattaren Marianne Wiggins (1988-1993), Elizabeth West (1997-2004, fekk sonen Milan saman), og med den indisk-amerikanske fjernsynskokken Padma Lakshmi (2004-2007).
Salman Rushdie oppretta i 1994 Det Internasjonale Forfattarparlamentet (IPW), eit internasjonalt nettverk av fristader for forfølgde forfattarar. Dette vart sidan til eit nettverk av Fribyar under ICORN (International cities of refuge network).
I 2007 vart Salman Rushdie slegen til Riddar (Knight Commander) av den britiske dronninga.
Utgjevingar [endre]
- Grimus (1975)
- Midnight's Children (1981)
- Shame (1983)
- The Jaguar Smile: A Nicaraguan Journey (1987)
- The Satanic Verses (1988)
- Haroun and the Sea of Stories (1990)
- Imaginary Homelands: Essays and Criticism, 1981 - 1991 (1992)
- Homeless by Choice (1992, med R. Jhabvala og V. S. Naipaul)
- East, West (1994)
- The Moor's Last Sigh (1995)
- The Ground Beneath Her Feet (1999)
- Fury (2001)
- Step Across This Line: Collected Nonfiction 1992 - 2002 (2002)
- Shalimar the Clown (2005)
- The Enchantress of Florence (2008)
- Best American Short Stories 2008 (2008, redaktør)
Bakgrunnsstoff [endre]
- New York Times special-feature om Salman Rushdie (1999)
- Interview med Salman Rushdie af Ginny Dougary i The Times (2005)
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Salman Rushdie» frå Wikipedia på dansk, den 25. desember 2007.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Salman Rushdie» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2008.