Khor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khor
Utspring Sikhote-Alin
Munning Ussuri
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 453 km
Middelvassføring 388 m³/s
Nedslagsfelt 24 700 km²

Khor (russisk Хор) er ei elv sør i Khabarovsk kraj i Russland og ei av dei største sideelvane til Ussuri. Elva er 453 km lang og har eit nedslagsfelt på 24 700 km². Elva har ei middelvassføring på 388 m³/s.

Elva spring ut på vestsida av Sikhote-Alin-fjella og nær landsbyen Khor munnar Khor ut i Ussuri. Dei største sideelvane hennar er Mata, Katen, Kafen, Tsjerenaj, Tsjui, Sukpai og Kabuli.

Khor betydde «djevelen» i språket til det lokale folket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]