Ussuri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ussuri
elv
Land Russland
Kina Kina
Nedslagsfelt 193 000 km²
Lengd 897 km
Middelvassføring 1 150 /s
Kjelde Sikhote-Alin
Munning Amur
Kart
Ussuri
43°44′2″ N 134°25′30″ E
Plasseringa til Ussuri
Plasseringa til Ussuri
Plasseringa til Ussuri
Wikimedia Commons: Ussuri River

Ussuri (russisk Уссу́ри; kinesisk: Wūsūlǐ Jīang 乌苏里江) er ei elv i som renn langs grensa mellom Primorskij kraj i Russland og Kina. Ho er ei av sideelvane til Amur frå høgre.

Elva er 897 km lang og har eit nedslagsfelt på 193 000 km². Elva har ei middelvassføring på 1150 m³/s og eit totalt fall på 1549 meter. Ussuri spring ut frå nordaustlege område av fjella Sikhote-Alin. Ussuri har mange gonger hatt katastrofale flaumar. Ho er islagt frå om lag november til april. Elva er rik på fisk, som harr, gjedde, pukkellaks (russisk: «gorbusja») og laksearten keta (Oncorhynchus keta).

Dei største busetnadane langs Ussuri er Tsjugujevka, Kirovskij og Lesozavodsk.

Dei største sidelvane hennar er Arsenevka, Bolsjaja Ussurka, Bikin, Khor, Mulinkhe og Naolikhe.

Det har vore stor usemne om Ussuri som grenselinje og i mars 1969 oppstod det ein væpna konflikt i området mellom Kina og Russland. I 1977 kom det i stand ein avtale som regulerer skipsfarten på Ussuri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]