Khabarovsk kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khabarovskij kraj
   
Khabarovsk kraj sitt flagg
Khabarovsk kraj sitt våpen
Khabarovsk kraj på kartet over Russland
Hovudstad Khabarovsk
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 3.

788 600 km²
1,2 %

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 35.

ca. 1 343 900[1] (2010)
ca. 1,7/km²

Føderalt distrikt Fjerne Austen
Økonomisk region Fjerne Austen
Regionsnummer 27
Offisielt språk Russisk
Guvernør Vjatsjeslav Ivanovitsj Sjport
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +1000

Khabarovsk kraj (russisk Хабаровский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Khabarovsk, arealet er 788 600 km² og innbyggjartalet er 1 343 900 (2010).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Khabarovsk kraj ligg ved stillehavskysten, i den sentrale delen av det russiske fjerne austen. I sør har territoriet grense til folkerepublikken Kina, i aust ligg Okhotskhavet og Japanhavet - delar av Stillehavet. Over 70 % av territoriet er berglendt - høgste punktet, i fjellkjeda Suntar-Khajata, ligg 2 933 meter over havet. I sør renn elva Amur gjennom territoriet og ut i havet. Denne elva heiter Heilongjiang på kinesisk side. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.

78 % av territoriet er skogdekt. Det finst store førekomstar av kol og tinn og uutnytta oljeførekomstar. Ellers finst det reservar av mange ulike metall, til dømes jern, gull og sølv. Berre om lag 8 % av arealet er jordbruksland - det vert dyrka litt kveite, havre, bygg, soyabønner og poteter her. Det er mange elvar og innsjøar i området, og det er eit populært reisemål for jegerar og fiskarar frå andre delar av Russland.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane er Khabarovsk (577 400) og Komsomolsk-na-Amure (263 900).[1]

Etniske russarar er i klart fleirtal i befolkninga. Ved folketeljinga i 2010 var dei største etniske gruppene:[1]

Det bur òg fleire urfolksgrupper i området, desse utgjorde ved folketeljinga små minoritetar:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gate i Komsomolsk-na-Amur

Dei første russiske oppdagarane kom til dette området på midten av 1600-talet. Dei nådde Okhotskhavet i 1639 og bygde eit fort. I 1650 nådde oppdagaren Jerofej Khabarov elva Amur. Området er i dag oppkalla etter han. Russarane i dette området kom etter kvart i konflikt med kinesiske interesser, og i 1689 forlét russarane området rundt Amur under Nertsjin-avtalen.

På midten av 1800-talet kom russarane attende. Dei oppdaga at det gjekk an å segla opp Amur med havgåande skip, og i 1858 vart fortet Khabarovka - dagens by Khabarovsk - bygd ved Amur-elva. Grensa med Kina vart regulert ved ein avtale same år. Etter den russiske revolusjonen var Khabarovsk i hendene på kontrarevolusjonære styrkar - kvitegardistar - mellom 1918 og 1920. Den administrative eininga Khabarovsk kraj vart oppretta i 1938. I 1991 vart det Jødiske autonome området, som hadde vore underlagt Khabarovsk kraj, lausreve.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Khabarovsk kraj