Khortytsia
| Khortytsia (Хо́ртиця) | |
| øy | |
| Land | |
|---|---|
| Oblast | Zaporizjzja oblast |
| stad | Dnepr |
| - høgd | 30 moh |
| - koordinatar | |
| Lengd | 12,5 km |
| Breidde | 2,5 km |
| Areal | 23,59 km² |
| Wikimedia Commons: Khortytsya | |
Khortytsia (ukrainsk Хо́ртиця, Khortytsja, russisk Хо́ртица, Khortitsa, polsk Chortyca) er eit nasjonalt kulturelt reservat som ligg på ei av dei største øyane i elva Dnepr i Ukraina.
Øya har spelt ei viktig rolle i historia til Ukraina, særleg historia til zaporozje-kosakkar. Denne historiske staden ligg innanfor byen Zaporizjzja. Ho strekkjer seg 12 km frå nordvest til søraust og er i snitt 2,5 km brei. Øya har eit unikt dyre- og planteliv, med eikelundar, granskog, enger og sletter. Den nordlege delen av øya er særs berglendt og strekkjer seg 30 meter ove relva, medan sørsida aer låg og flaumutsett.
Øya har vore busett i minst 5000 år og her finst spor etter skytiarane og tidlegare kosakkiske festningar. I mellomalderen låg øya langs handelsruta frå væringane til grekarane.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Khortytsia» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2012.
Bakgrunnsstoff [endre]