Khowar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khowar
(كهوار)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   Dardiske språk
Bruk
Tala i: Flag of Pakistan.svg Pakistan
Khowartalande i alt: Ca. 240 000
Skriftsystem: Khowarskrift, avleidd av det persiske alfabetetet
Normert av: ikkje offisielt
Språkkodar
ISO 639-2: ine
ISO 639-3: khw

Khowar er eit språk som blir tala i Chitral, Yasin-dalen, Gilgit-dalen og Swat i Pakistan. Khowar høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien, og er i den dardiske undergruppa av den indoariske greina.

Forskingssoge[endre | endre wikiteksten]

Den norske språkforskaren Georg Morgenstierne (1892–1978) byrja utforskinga av khowar under eit opphald i Chitral i 1924, og publiserte seinare tre viktige artiklar:

  • Morgenstierne (1936): Iranian elements in Khowar.
  • Morgenstierne (1947): Some features of Khowar morphology.
  • Morgenstierne (1957): Sanskritic words in Khowar.

Tidlegare var språket kjent frå skildringar laga av britiske oppdaginsreisande og kolonioffiserar; jf. mellom anna O’Brien (1895). I lag med Wazir Ali Shah publiserte Morgenstierne i 1959 nokre songar (Wazir Ali Shah and Morgenstierne 1959).

Den innfødde talaren Muḥammad Ḥusām al-Mulk Citrāli har publisert desse bøkene om khowar:

  • Khowār bol-cāl va Mu‘āvin-i saiyāḥ-i Citrāl. كهوار بولچال و معاون سياح چترال (Khowar-parlør, eller hjelp for den reisande i Chitral.) Peshawar [1959 eller tidlegare]. (Tekst på khowar og urdu, i arabisk skrift.) (40 s.)
  • Khowār qā‘ida. Ba-rā’e jamā‘at-i awwal. كهوار قاعدة (Fyrste lesebok på khowar.) Pesahawar [utan dato]. (Khowar-tekst i arabisk skrift.) (40 s.)
  • Nimež. نمژ (Bønebok.) (Føreord på khowar; arabiske bøner med interlineær omsetjing til khowar.) [Utan stad og dato.) (27 s.)
  • Xūš wat̤ān. خوش وطان (Dikt.) Peshawar [utan dato]. (16 s.)

Den tyske språkforskaren Georg Buddruss (1929–) gav i 1977 ut ein artikkel, "Khowār–a new literary language of Chitral (Pakistan)", om utviklinga av khowar som skriftspråk.[1] Buddruss (1982) er ein del khowartekstar i arabisk skrift.

To norske språkforskarar, Knut Kristiansen (1928–1999) og Rolf Theil (1946–), publiserte i 1981 ein artikkel (Endresen and Kristiansen 1981) der dei presenterer (a) ein gjennomgang av soga til utforskinga av khowar, (b) ein analyse av eit eventyr og (c) ein analyse av fonologien; del (b) og (c) byggjer på upubliserte notatar etter Morgenstierne, som er nemnde i artikkelen. Dei samarbeidde med Morgenstierne før han døydde i 1978.

Mellom nyare publikasjonar om khowar kan nemnast L'Homme (1999), ei innføring i språket og kulturen i Chitral.

Typologi[endre | endre wikiteksten]

Khowar er eit SOV-språk, som vist i denne setninga, frå Endresen og Kristiansen (1981):

  • Awa1 tan2 luo3 dom4. 'Eg skal gje ordet mitt', dvs. 'Eg skal fortelje ei soge.'
  • Bokstavleg: 'Eg1 possessivt.refleksivpronomen2 ord.OBLIK3 skal.gje4.'

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Buddruss, Georg 1982. Khowar-Texte in arabischer Schrift. (Abhandlungen der Geistes- und Sozialwissenschaftlichen Klasse ; Jahrg. 1982, Nr. 1.) Mainz: Akademie der Wissenschaften und der Literatur; Wiesbaden : F. Stiner.
  • Endresen, Rolf Theil and Knut Kristiansen 1981. Khowar studies. S. 210–243 i Monumentum Morgenstierne I. (Hommages et opera minora. Volume VII.) Leiden: H. J. Brill.
  • L'Homme, Erik 1999. Parlons khowar. Langue et culture de l'ancien royaume de Chitral au Pakistan. Paris et Montréal (Qc): L'Harmattan.
  • Morgenstierne, Georg 1936. Iranian elements in Khowar. Bulletin of the School of Oriental Studies 8: 657–671.
  • Morgenstierne, Georg 1947. Some features of Khowar morphology. Norsk tidsskrift for sprogvidenskap XIV: 5–28.
  • Morgenstierne, Georg 1957. Sanskritic words in Khowar. S. 84–98 i: Felicitation volume presented to S. K. Belvalkar. Banaras.
  • O’Brien, D. J. T. 1895. Grammar and vocabulary of the Khowâr dialect (Chitrâli). Lahore.
  • Wazir Ali Shah and Georg Morgenstierne 1959. Some Khowar songs. Acta Orientalia 24: 29–58.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolf Theil: Uvisst kvar det er utgjeve; Buddruss sende artikkelen som særtrykk til Morgenstierne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]