Khust
| Khust | |
| Хуст | |
| by | |
|
Rådhuset i Khust
|
|
| Land | |
|---|---|
| Oblast | Zakarpattja oblast |
| høgd | 164 moh |
| koordinatar | |
| Areal | 22 km² |
| Folketal | 28 438 (2011) |
| Tettleik | 1 293 / km² |
| Grunnlagd | 1090 |
| - Innlemma | 1329 |
| - Bystatus | 1946 |
| borgarmeister | Mykhailo Djanda |
| Tidssone | CET (UTC+1) |
| - Sommartid | CEST (UTC+2) |
| Postnummer | 90400 |
| Retningsnummer | +380-3142 |
| Nettstad: Khust byportal | |
Khust (ukrainsk og russisk Хуст, rumensk Hust, ungarsk Huszt, tsjekkisk og slovakisk Chust, jiddisk חוסט) er ein by ved elva Khustets i Zakarpattja oblast (provins) vest i Ukraina. Han ligg nær samløpet mellom elvane Tisza og Rika. Han er det administrative senteret i Khust rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Byen har kring 30 000 innbyggjarar.
Khust var hovudstad i den kortvarige repubilikken Karpato-Ukraina.
Historie [endre]
Busetnaden vart først nemnd som Huszth i 1329. Borga vart bygd i 1090 av St. Ladislaus som forsvar mot kumanane. Ho vart øydelagt under mongolinvasjonen av Ungarn og bygd opp att i 1318. Byen fekk sine eigne privilegium i 1329. I 1524 vart området ein del av Transilvania. Armeen til Ferdinand I erobra byen i 1546. I 1594 vart byen øydelagd av tatarane, men borga stod framleis. Borga vart kringsett i 1644 av armeen George I Rákóczi i 1657 av den polske, i 1661-1662 av dei osmanske tatarar hordane.
I 1703 vart sjølvstendet til Transilvania erklært her. Det var den siste borga habsburgarane okkuperte då dei slo attende i 1711. Borga vart alvorleg skadd under eit lynnedslag og ein brann 3. juli 1766 og eit uvêr tok ned tårnet i 1798 og har lege i ruinar sidan den gong. Huszt fekk namnet Csebreny i 1882 under madjariseringa. Etter første verdskrigen tok Romania over området sommaren 1919., men i følgje St. Germain-traktaten fekk Tsjekkoslovakia byen som ein del av den nye regionen Podkarpatsko (Under Karpatane). Tsjekkoslovakia måtte gje regionen stort sjølvstende, men dette vart ikkje realisert før i 1938. Dagen etter at Tsjekkoslovakiaia kollapsa den 14. mars 1939, erklærte styret i regionen sjølvstende i Khust, men dette vart ikkje anerkjend av andre statar. Ungarske soldatar rykka inn 16. mars og 24. oktober 1944 okkuperte sovjetiske soldatar byen, som då vart innlemma i Sovjetunionen. Sovjetarane sendte bort dei fleste tyske og ungarske innbyggjarane. Sidan den gong har Khust vore ein del av Ukraina.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Khust» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [endre]
- All about Khust City - inkludert bilete av byen og borga
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Uzjhorod | ||
| Berehove · Irsjava · Khust · Mukatsjeve · Peretsjyn · Rakhiv · Svaljava · Tjatsjiv · Tsjop · Vynohradiv | ||