Kiliagreina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Chilia- eller Kiliagreina (rumensk Braţul Chilia; ukrainsk Кілійське гирло) er ei av greinene til Donau i Donaudeltaet. Ho er kalla opp dei to byane som ligg ved breidda, Kilia i Ukraina i nord, og Chilia Veche i Romania i sør.

Dei to andre hovudgreinene til Donau er Sulinagreina og Sfântu Gheorghe-greina.

Kiliagreina startar ved øya Ismail, og er 104 km lang. Ved inngangen til deltaet fører Donau i snitt 6350 m³/s og Kiliagreina fører mellom 58 og 60 % av dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kiliagreina