Kirkwall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kirkwall

skotsk-gælisk
skotsk

Baile na h-Eaglais
Kirkwaa eller Kirkwal
Plassering
Kirkwall is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Orknøyane
Tradisjonelt grevskap Orknøyane
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 686
Koordinatar 58°59′″N 2°58′″WKoordinatar: 58°59′″N 2°58′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KW15
Telefon-retningsnummer 0 1856
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kirkwall

Kirkwall er den største byen og administrasjonssenteretOrknøyane, nord i Skottland. Han har kring 8500 innbyggjarar. Byen vart først nemnt i Orknøyingane si saga i året 1046. Det var busetjarane Ragnvald II, jarl av Orknøyane, som vart drepen av etterfølgjaren sin, Torfinn.

I 1486 opphøgde kong Jakob III av Skottland Kirkwall til bystatusen kongeleg burgh. Namnet Kirkwall kjem frå det norrøne namnet Kirkjuvagr som tyder «Kyrkjevika», som seinare vart forvandla til Kirkvoe og så Kirkwaa på engelsk. Engelske kartografar tok waa som skotsk wa, som tyder «mur» (wall).

Kirkwall er på den nordlege kysten av Mainland Orkney, og har ei hamn med ferjesamband til dei fleste andre øyane i gruppa. Etter dagens skotske standardar er det ein liten by. I hjartet av byen ligg St. Magnuskatedralen som kan sjåast frå lang avstand. Han fekk namnet sitt etter Den heilage Magnus, jarl av Orknøyane frå 1108 til 1117. Like ved katedralen er det ruinar frå slottet til den tidlegare biskopen og slottet til jarlen.

Byen har to museum, eit som inneheld ting av lokalhistorisk interesse og det andre som er det vesle Wireless Museum, som tek seg av historia om radio og lydopptak.

Ei av hovudhendingane i byen er Bad Game, halden på første juledagen og første nyttårsdagen mellom 'Uppies' og 'Doonies'; kvart lag representerer ein halvdel av byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]