Mainland i Orknøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mainland
Orkney Islands map mainland highligted.png
Geografi
Mainland i Orknøyane is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°0′ N 3°6′ WKoordinatar: 59°0′ N 3°6′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 523,25 km²
Høgaste punkt Mid Hill (271 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Kirkwall
Demografi
Folketal 15 315 (2001)
Folketettleik 29,3 /km²

Mainland er den største øya i Orknøyane i Skottland. Dei to byane på Orknøyane, Kirkwall og Stromness, ligg begge på øya, som òg er eit trafikknutepunkt for øyane med ferjeterminalar og flyplass.

Tre fjerdedelar av alle innbyggjarane på Orknøyane bur på denne øya.

Namnet kjem av det norrøne Meginland. Tidlegare vart øya òg kalla Hrossey som tyder «Hesteøya». Øya vert stundom kalla Pomona (eller Pomonia), etter ei feilomsetjing frå 1500-talet og som sjeldan har vorte nytta lokalt.[1][2].

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er relativt tett folkesett og har mykje frodig jordbruksland. Det meste av øya ligg vest for Kirkwall og består av eit lågtliggande landskap med kystklipper i nord og vest, og to store innsjøar, Stenness og Harray.

Austsida av Mainland er forma som bokstaven «W». Den austlegaste halvøya heiter Deerness. I sør strekkjer vegfyllingane Churchill Barriers seg mot øyane Burray og South Ronaldsay via Lamb Holm og Glims Holm.

Mainland er kjernen i Orknøyane og knyt dei nordlege øyane i gruppa til dei sørlege.

Sokn[endre | endre wikiteksten]

Det er 13 sokn på øya.[3] Sandwick, Birsay og Stromness ligg på vestkysten, Rendall og Evie i nordvest. Holm, Deerness og St Andrews ligg aust for det sentrale St Ola, der byen Kirkwall ligg. Firth, Orphir, Stenness og Harray ligg vest for Kirkwall og aust for dei vestlegaste sokna. Harray er det einaste soknet på Orknøyane som ikkje har kyst.

Største busetnader[endre | endre wikiteksten]

Stromness er den nest største byen på Mainland og Orknøyane.

Dei tre største busetnadane på Mainland er Kirkwall og Stromness, som begge har status som burgh (eller by) og Finstown.

Kirkwall er hovudstaden på øyane og ligg på ei smal stripe mellom det vestlege og austlege Mainland med Scapa Flow i sør, ei av dei største naturlege hamnene i verda. Kirkwall har òg tradisjonelt vore setet til biskopen av Orknøyane og St. Magnus Cathedral ligg der. Han er òg ein av dei største ferjeterminalane på øyane.

Stromness har om lag 2200 innbyggjarar. Gamlebyen ligg langs hovudgata med hus og butikkar bygt i lokal stien. Det går ferje frå Stromness til Scrabster i Caithness på det skotske fastlandet, samt til øya Hoy.

Finstown er den tredje største busetnaden og vart tidlegare kalla «Toon o' Firth».[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vestsida av øya har mange byggverk frå steinalderen og piktar.

Dei mest kjende steinaldermonumenta på øya ligg vest på Mainland, i «Heart of Neolithic Orkney», som er ein verdsarvstad. Denne består av det store gravkammeret Maes Howe, den seremonielle steinsirkelen dei ståande steinane i Stenness og Ring of Brodgar og steinalderlandsbyen Skara Brae, samt fleire gravstader, seremonielle stader og bustader som ikkje er undersøkt enno. Gruppa utgjer eit stort førhistorisk kulturlandskap som gjev eit godt bilete av livet nord i Skottland for om lag 5000 år sidan.

Andre attraksjonar er St. Magnus Cathedral og ruinane av Bishop's Palace i Kirkwall, Earl's Palace, ruinane av eit slott frå 1500-talet, og Skaill House, eit kjøpmannshus og museum nær Skara Brae.

Vikingane okkuperte Orknøyane og Mainland var ein del av Noreg fram til det vart gjeven til Skottland på 1400-talet. Ein finn mange spor etter vikingane, både ein busetnad ved Brough of Birsay, og dei mange stadnamna av norrønt opphav.

Churchill Barriers er fire moloar med ei samla lengd på 2,5 km. Dei knyt den sørlege delen av Mainland i nord til øya South Ronaldsay via Burray og dei to mindre øyane Lamb Holm og Glimps Holm. Den 14. oktober 1939 vart slagskipet HMS «Royal Oak» søkkt av ein tysk ubåt. Ubåten hadde kome inn i Scapa Flow gjennom Holm Sound, ein av fleire innløp i aust til Scapa Flow. For å hindre fleire åtak gav Winston Churchill om å byggje permanente hindringar. Dei fungerer i dag som vegfyllingar. Arbeidet starta i mai 1940 og varte til september 1944, men vart ikkje offisielt opna før 12. mai 1945, fire dagar etter at den andre verdskrigen enda i Europa.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Buchanan, George (1582) Rerum Scoticarum Historia: The First Book The University of California, Irvine.
  2. "Pomona or Mainland?" Orkneyjar.com.
  3. «Parishes». The Orcadian. 
  4. «Orkney Guide Book - Firth». BuyOrkney. http://www.buyorkney.com/information/orkney_guide_book/32_firth/. Henta 14. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]