Kjell Inge Røkke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kjell Inge Røkke (fødd 25. oktober 1958 i Molde) er ein norsk finansmann og ein av dei rikaste i Noreg. Han eig holdingselskapet TRG Holding, som er største aksjonær i det børsnoterte industrikonsernet Aker ASA med 66,66 prosent av aksjane. Gjennom eigarandelen i Aker ASA har Røkke avgjerande kontroll i Aker Solutions ASA (tidlegare Aker Kværner), Aker Seafoods, Aker American Shipping, Aker Material Handling og Aker Capital. Aker ASA har også ei minoritetsinteresse i Aker Drilling.

Røkke vart i 2007 rangert som den fjerde rikaste personen i Noreg med ein formue på 19,8 milliardar kroner av Kapital.[1] Røkke har dysleksi, men meiner sjølv at det har hjelpt han til å kome dit han er i dag.[2] Han er opphavleg fiskar av yrke.

Den internasjonale tydinga til Røkke vart understreka då finansmannen møtte den dåverande tyske forbundskanslaren Gerhard Schröder nok ein gong då denne vitja Noreg i september 2004. Røkke er gjennom konsernet Aker Kværner ein av dei viktigaste arbeidsgjevarane på den tyske austersjøkysten.

Røkke vart tildelt Peer Gynt-prisen i 2006.

Røkke er gift med Anne Grete Eidsvig og bur på Skøyen i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kapitals 400 rikeste på Hegnar.no.
  2. «Lønnsom dysleksi» av Anna Sandvig Brander på E24.no (08.12.2007).
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.