Kjemisk binding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjemiske bindingar

Ei kjemisk binding er ei kraft som verker mellom atom og får dei til å hengja saman. Kjemiske bindingar kan vera sterke eller svake. Nokre bindingar byggjer opp molekyl, andre bind saman ein større masse, og andre igjen verker mellom molekyl, atom eller ion utan å danna nye sambindingar.

Kjemiske bindingar er gjerne eit resultat av elektrondeling og elektrisk spenning mellom ulike atom.

Metallbinding, ionebinding og kovalent binding vert rekna som sterke bindingar. Dette er intramolekylære krefter som bind saman atom i eit molekyl og dannar ei kjemisk sambinding. I kovalente bindingar deler atoma eit eller fleire par elektron, medan atom i ei ionebinding får eller mistar elektron. Ofte kan ei kovalent binding ha ein viss grad av ionisk karakter eller omvendt.

Hydrogenbinding, van der Waals binding og dipolbinding vert rekna som svake bindingar. Denne typen binding verkar mellom molekyl, atom eller ion som ikkje er bunde til kvarandre på annan måte. Hydrogenbindingar er sterkast av desse.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]