Ionebinding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjemiske bindingar
Skjematisk framstilling av binding mellom to ion. Det ekstra elektronet i anionet til venstre fører til sterk tiltrekking mot kationet til høgre.

Ionebinding er ei kjemisk binding mellom to grunnstoff med ulik elektronegativitet. Denne typen binding skjer mellom metall og ikkje-metall. Atoma må få eller mista elektron slik at dei vert ion før bindinga skjer. Ion med motsett ladning tiltrekk kvarandre. Metallionet er positivt. Det andre ionet er negativt.

Saltet koparsulfat (CuSO4) er danna gjennom ionebinding.

Stoff som er danna ved ionebinding er krystallinske, har høge smeltepunkt og vert kalla salt. Natriumklorid (NaCl) er eit eksempel der begge iona har like stor ladning. I kalsiumklorid (CaCl2) er ladningen til kalsiumionet dobbelt så stor som ladningen til klorionet.

Bindinga har kovalent karakter i større eller mindre grad.