Metallbinding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjemiske bindingar
Metallbinding i kopar

Ei metallbinding er ei binding mellom metallatom. I denne typen binding delar atoma valenselektron med alle naboatoma. Ein kan tenka seg ei felles elektronsky for alle atoma i eit stykke metall. Dette gjer at elektrona kan flytta seg raskt rundt i metallet, noko som gjev det mange av metalleigenskapane, som evne til å leia varme og elektrisitet. Metall leier varme og elektrisitet sjølv når det er i væskeform. Dette viser at metallbindingane framleis eksisterer i denne fasen.

Bindinga liknar kovalente bindingar i og med at elektrona ikkje er lokaliserte til ein bestemt stad, og at det er liten eller ingen forskjell i elektronegativiteten mellom dei ulike atoma i bindinga. I reine metall er det ingen forskjell, og dei er derfor ikkje-polare.

Derimot skil metallbinding seg frå kovalent binding og har meir til felles med ionebinding i og med at ho verkar i heile materialet, ikkje berre til å halda enkeltatom saman, og at ho verkar i alle retningar. Det at bindinga ikkje verkar i ei bestemd retning kan forklara at metall er lett formbare.