Kjersti Graver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kjersti Graver (fødd 8. oktober 1945 i Oslo, død 14. februar 2009 på Jar) var ein norsk jurist som arbeidde med forbrukarspørsmål det meste av det yrkesaktive livet sitt. Ho etterfølgde Hans Petter Lundgaard som forbrukarombod frå 1987 til 1995, da ho vart utnemnd til lagdommar i Borgarting lagmannsrett. Den stillinga hadde ho til ho måtte redusere stillinga og etter kvart slutte grunna kreftsjukdommen ho fekk i 2007.

Kjersti Graver arbeidde etter at ho hadde teken den juridiske utdanninga si som forbruksforskar ved Swoka-instituttet i Haag i tre år. Ho vart sidan tilsett i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet. Deretter var ho underdirektør hjå forbrukarombodet frå 1979 til 1984.

Som forbrukarombod var ho særleg oppteken av kjønnsdiskriminerande reklame. Ho sat også i EOS-utvalet og Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggleikstenestene, og ho var styremedlem i Amnesty International Norge. Ein periode var ho også medlem av styret i Den norske Dommerforening. I dei fyrste åra etter opprettinga av Domstolsadministrasjonen var ho også medlem av dette styret.

Kjersti Graver var gift med Lars Oftedal Broch.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]