Klaus Hanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klaus Hanssen

Klaus Hanssen (23. mai 184419. desember 1914) var ein lege og politikar frå Bergen. Han representerte både Venstre og Samlingspartiet. Gerhard Armauer Hansen var ein eldre bror.

Hanssen var son til ein bankmann. Han vart student frå katedralskulen i heimbyen i 1865, reiste same året til Christiania der han tok fatt på medisinstudiar. År 1872 vart han cand. med., byrja same året som privatlege i heimbyen. Frå 1884 var han i tillegg overlege ved Bergens kommunale sjukehus på Engen, amtslege frå 1890.

Hanssen var formann i Den norske legeforening i periodane 1890-91, 1896-97 og 1906-09. I 1900 stod han og medisinaldirektøren bak utarbeidinga av den fyrste tuberkuloselova i Noreg, og i 1910 var han den leiande bak skipinga av 'Landsforeningen mot Tuberculose'.

Hanssen var medlem av bystyret i Bergen periodane 1883-96 og 1899-1904. Han var ordførar i Bergen i 1904. Hanssen møtte på Stortinget i 1891 som 2. varamann for Bergen og Venstre, i staden for Carl Berner den eldre. I januar 1905 møtte han ei kort tid som vararepresentant for Samlingspartiet. I 1891 var han medlem av Lagtinget og jarnbanekomiteen, i 1905 av næringskomite nr 1.

Saman med Joachim Wiesener danna han Nygaards Parkselskab i 1880. Nedre del av Nygårdsparken vart opna i 1883, heile parkanlegget i 1885. Frå 1905 var han styreformann i Bergens skogselskap. Han var ein svært aktiv deltakar i mange ulike lag, med mange verv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]