Koit Toome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koit Toome

Toome i 2022.
Fødd3. januar 1979 (45 år)
FødestadTallinn
OpphavEstland
Aktiv1995–
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
Verka somsongar, skodespelar, pianist, teaterskodespelar, dubbar

Koit Toome (fødd 3. januar 1979[1][2]) er ein estisk songar og musikalartist. Han har representert Estland i Eurovision Song Contest to gongar: i 1998 då han blei nummer tolv med «Mere lapsed», og i 2017 då han song «Verona» i duett med Laura Põldvere. Dei blei slegne ut i semifinalen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Toome i 2007.

Koit Toome vaks opp i den estiske hovudstaden Tallinn og blei oppdaga av musikkprodusenten Mikk Targo, på ein musikkskule i 1994. Targo planla opphavleg å lansere ein solokarriere for Toome, men fann ut at skolekameraten Sirli Hiius harmoniserte vokalmessig perfekt med Toome. I staden ble den planlagte solokarrieren gjort om til popduoen Code One, som naut stor kommersiell suksess i Estland i 1990-åra. Duoen blei seinare løyst opp, men Toome og Hiius opptrer framleis saman innimellom.

I 1998 representerte Toome Estland i Eurovision Song Contest i Birmingham. Han blei til slutt nummer 12 av 25 med songen «Mere lapsed».[3] Same år gav han ut debutalbumet sitt, som for det meste bestod av sjølvskrivne låtar. Toome har sidan gjeve ut fem album, både som soloartist og som del av Code One.[4][5]

I 2007 vann Toome den estiske versjonen av Skal vi danse, Tantsud tähtedega, saman med dansepartnaren Kertu Tänav. Toome har også hatt fleire oppdrag som stemmeskodespelar, der han har dubba fleire animasjonsfilmar. Han har blant anna den estiske stemmen til Lightning McQueen i Disney-filmen Biler.[6]

I 2017 vann Toome og Laura Põldvere songtevlinga Eesti Laul med songen ««Verona»». Som følgje av sigeren representerte dei Estland i Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv i Ukraina.[7] Sjølv om at songen var blant førehandsfavorittane, klarte ikkje duoen å kvalifisere seg frå semfinale 2. I staden enda han på 14. plass, etter å ha blitt nummer 6 i telefonavrøystinga og nummer 17 hos juryane.[8][9]

Toome prøvde igjen å representere Estland i Eurovision Song Contest 2021 og var blant finalistane i Eesti Laul 2021 med songen «We Could Have Been Beautiful».

Musikalkarriere[endre | endre wikiteksten]

Koit Toome er profesjonelt aktiv innan musikkteater. Han har spelt fleire roller, og debuterte i rolla som Alfred i Tanz der Vampire (Tallinn, 2000) og følgde på som Marius i Les Misérables (Tallinn, 2001), Chris i Miss Saigon (Tallinn, 2002) og Tony i West Side Story (Tartu, 2005). Sidan følgde roller i musikalar som Chess, Rent og Hair i Estland og Tyskland.

Toome spelte Raoul i The Phantom of the Opera ved Vanemuine-teateret (2014–2016), men tok over hovudrolla som fantomet etter den norske tenoren Stephen Hansen i dei siste rundane med framsyningar i 2016/2017 og 2020/2021. Frå november 2017 har Toome spelt ved Vanemuine-teateret i rolla som Jean Valjean i den estiske oppsetjinga av Les Misérables.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Koit Toome er nevø av Indrek Toome, som var statsminister i Estland frå 1988 til 1990.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Koit Toome – Free listening, videos, concerts, stats and photos at Last.fm». last.fm. 
  2. magnus@allstarz.ee. «Koit Toome». 
  3. «Birmingham 1998». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 6. mars 2021. 
  4. «Kaugele siit – Koit Toome – Listen and discover music at Last.fm». last.fm. 
  5. «Koit Toome – Kaugele Siit». discogs. 
  6. «PIKNE McQUEEN alias Koit Toome: esimene sõit oli Moskvitši "pirukaga"» [LIGHTNING McQUEEN alias Koit Toome: The first ride was on a Moskvitch "pie" [a car-based panel van designed to deliver pies and bread or mail]] (på estisk). Õhtuleht. 5. august 2006. Henta 29. mai 2015. 
  7. Escudero, Victor M. (4. mars 2017). «Koit Toome and Laura to bring Verona to Kyiv!». Eurovision Song Contest. Henta 4. mars 2017. 
  8. News, Eurovision; News, Participants; Participants, Eurovision; Fans (11. mai 2017). «Eurovision Bookies' Roundup: The punters did it again! - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 22. mars 2020. 
  9. jadeukesc (30. april 2017). «OGAE 2017: The Winner is Revealed». The Eurovision Times (på engelsk). Henta 22. mars 2020. 
  10. «Estonia in Eurovision 2017: Koit Toome and Laura to compete in Kyiv». eurovisionclub.tv. 3. april 2017. Arkivert frå originalen 22. mars 2020. Henta 22. mars 2020.