Eurovision Song Contest 1998
| Eurovision Song Contest 1998 | ||||
|---|---|---|---|---|
| Dato | ||||
| Vertskap | ||||
|
||||
| Varigskap | ||||
| Opningsnummer | ||||
| Pausenummer | ||||
| Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
| Kart | ||||
| Røysting | ||||
|
||||
| Eurovision Song Contest | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest 1998 vart kringkasta frå National Indoor Arena i Birmingham i Storbritannia den 9. mai 1998. Storbritannia var arrangør av di dei hadde vunne året før med songen «Love Shine a Light» framført av Katrina and the Waves. Programleiarane var Ulrika Jonsson og Terry Wogan. Dei såkalla «postkorta» mellom kvart bidrag synte bilete frå Storbritannia.
Vinnaren dette året var svært kontroversiell i sitt eige heimland, Israel. Transseksuelle Dana International hadde skapt store avisoverskrifter før tevlinga, og vann til slutt med 172 poeng og songen «Diva».
Det mest oppsiktsvekkjande innslaget dette året var kanskje likevel Guildo Horn frå Tyskland med låten «Guildo hat euch Lieb» (Guildo er glad i dykk). På scena, og til og med utanfor scena, utførte han ulike ablegøyer; han ringde med bjøller, gjekk ut blant publikum og kyssa folk, og avslutta med å klatra høgt opp i et stillas på scenen. Tyskland enda til slutt på ein sjuandeplass. Noreg sitt bidrag, «Alltid sommer» av Lars Fredriksen, enda på plassen bak.
Ungarn, Romania, Irland og Tyrkia var dei fire siste landa som framleis brukte juryordning ved denne tevlinga; alle dei andre landa nytta teleavstemming. 1998 var også det siste året då det var obligatorisk for arrangøren å stilla med eit orkester i salen (frå og med 1999 gjekk ein over til å bruka singback).
Resultatliste [endre]
| Nr. | Land | Språk | Artist | Song | Nynorsk omsetjing | Plassering | Poeng |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Kroatisk | Danijela | Neka Mi Ne Svane | Kan daggry aldri koma | 5 | 131 | |
| 2 | Gresk | Thalassa | Mia krifi evesthisia | Ei hemmeleg kjenslevarleik | 20 | 12 | |
| 3 | Fransk | Marie Line | Où Aller | Kvar ein skal gå | 24 | 3 | |
| 4 | Spansk | Mikel Herzog | ¿Qué voy a hacer sin ti? | Kva skal eg gjera utan deg? | 16 | 21 | |
| 5 | Tysk | Gunvor | Lass' Ihn | La han vera | 25 | 0 | |
| 6 | Slovakisk | Katarína Hasprová | Modlitba | Ei bøn | 21 | 8 | |
| 7 | Polsk | Sixteen | To takie proste | Det er enkelt | 17 | 19 | |
| 8 | Hebraisk | Dana International | Diva | — | 1 | 172 | |
| 9 | Tysk | Guildo Horn | Guildo hat euch lieb! | Guildo er glad i dykk! | 7 | 86 | |
| 10 | Engelsk | Chiara | The One That I Love | Den eine eg elskar | 3 | 165 | |
| 11 | Ungarsk | Charlie | A holnap már nem lesz szomorú | Tristleiken er borte i morgon | 23 | 4 | |
| 12 | Slovensk | Vili Resnik | Naj bogovi slišijo | La gudane høyra | 18 | 17 | |
| 13 | Engelsk | Dawn Martin | Is Always Over Now? | Er alltid over no? | 9 | 64 | |
| 14 | Portugisisk | Alma Lusa | Se eu te pudesse abraçar | Viss eg kunne omfavna deg | 12 | 36 | |
| 15 | Rumensk | Mălina Olinescu | Eu Cred | Eg trur | 22 | 6 | |
| 16 | Engelsk | Imaani | Where Are You? | Kvar er du? | 2 | 166 | |
| 17 | Gresk | Michalis Hadjiyiannis | Genesis | Byrjinga | 11 | 37 | |
| 18 | Nederlandsk | Edsilia | Hemel en aarde | Himmel og jord | 4 | 150 | |
| 19 | Svensk | Jill Johnson | Kärleken Är | Kjærleiken er | 10 | 53 | |
| 20 | Fransk | Mélanie Cohl | Dis Oui | Sei ja | 6 | 122 | |
| 21 | Finsk | Edea | Aava | Ope landskap | 15 | 22 | |
| 22 | Norsk | Lars Fredriksen | Alltid sommer | — | 8 | 79 | |
| 23 | Estisk | Koit Toom | Mere lapsed | Born av havet | 12 | 36 | |
| 24 | Tyrkisk | Tüzmen | Unutamazsın | Du kan ikkje gløyma | 14 | 25 | |
| 25 | Makedonsk | Vlado Janevski | Ne zori, zoro | Ikkje kom, daggry | 19 | 20 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er omsett frå «Eurovision Song Contest 1998» frå Wikipedia på bokmål, den 12. april 2011.
|
|
|
|---|---|
| Diskografi · Historie · Vertsbyar · Vinnarar · Programleiarar · Røysting · Land · Språk · Reglar · Dei fem store · Forholdet mellom Armenia og Aserbajdsjan · OGAE · Eurovision.tv · Marcel Bezençon · Marcel Bezençon Awards · Host City Insignia · Eurovision Song Contest Previews · Best of Eurovision · Barbara Dex Award · Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest · The Eurovision Song Contest – The Official History · The Secret History of Eurovision | |
| 1956 · 1957 · 1958 · 1959 · 1960 · 1961 · 1962 · 1963 · 1964 · 1965 · 1966 · 1967 · 1968 · 1969 · 1970 · 1971 · 1972 · 1973 · 1974 · 1975 · 1976 · 1977 · 1978 · 1979 · 1980 · 1981 · 1982 · 1983 · 1984 · 1985 · 1986 · 1987 · 1988 · 1989 · 1990 · 1991 · 1992 · 1993 · 1994 · 1995 · 1996 · 1997 · 1998 · 1999 · 2000 · 2001 · 2002 · 2003 · 2004 · 2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 · 2012 · 2013 · 2014 |