Mahatma Gandhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gandhi i 1906

Mohandas Karamchand Gandhi (gujarati: મોહનદાસ કરમચંદ ગાંધી) (2. oktober 186930. januar 1948) var ein politisk og andeleg leiar for India og ein viktig person i sjølvstenderørsla for landet, opphavleg utdanna som advokat. Gandhi utvikla satyagraha, ei form for ikkje-valdeleg protest basert på ahimsa og sivil motstand. Han er sett på som ein landsfader i India, og er kjend som Mahatma ('stor ande') Gandhi, Gandhiji ('vyrde Gandhi'), eller ganske enkelt Bapu ('far'). Han vart skoten i 1948 av ein hindunasjonalist.

Gandhi brukte fyrst den sivile motstanden i det indiske samfunnet sin kamp for borgarrettar i Sør-Afrika. Då han kom tilbake til India etter å ha vore i Afrika, organiserte han fattige bønder og arbeidarar i protestar mot skatteauke og utbreidd diskriminering. Etter å ha vorte leiar i partiet den indiske nasjonale kongressen, leidde Gandhi nasjonale kampanjar mellom anna for minka fattigdom, fridom for kvinner, brorskap mellom ulike religiøse og etinske grupper, slutt på «dalit»-kasten og kastediskriminering, og for økonomisk sjølvstende i landet, men framfor alt for Swaraj, sjølvstende frå utanlandsk styring. Gandhi leidde landet sitt i motstanden mot den britiske saltskatten som vart innført i India med den 400 kilometer lange saltmarsjen i 1930, og med Quit India-rørsla in 1942. Han sat i fengsel i mange år ved ulike høve både i Sør-Afrika og India.

Gandhi praktiserte og kjempa for ikkje-vald og sanninga i alle situasjonar. Han levde enkelt og oppretta ein ashram (ei form for kloster) som var sjølvstendig på alle måtar. Han laga sine eigne klede, den tradisjonelle indiske dhotien og sjalet som var vove på ein spinnerokk, og han levde på enkel vegetar-, og seinare, fruktkost. I tillegg gjennomgjekk han lange faster (somme gonger over ein månad), både for sjølvreinsing og protestar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Mahatma Gandhi» på Wikipedia på bokmål/riksmål.